Klipping av bilvrak med hydraulisk utstyr for å få ut skadde kan ta for lang tid. Pasienten kan mista så mykje blod under bergingsarbeidet at han døyr før han når sjukehuset. Tilføring av intravenøs væske kan gjera vondt verre ved å auka blodtrykket.

Dette er erfaringar som har fått Oslo brann— og redningsetat til å utvikla nye metodar for å få ut skadde frå bilvrak raskare, basert blant anna på praktiske forsøk på rundt 90 bilvrak.

«Load and go»-metoden er meir «brutal» og går ut på å strekkja skaden på bilen ut ved hjelp av vinsj og kran. Også flytting av bilvrak kan koma på tale for å få betre tilgong til pasienten.

Personell frå brann- og redningsetaten, ambulansetenesta og politiet i Oslo kjem til Stord onsdag for å førelesa og demonstrera dei nye metodane for kollegar i Sunnhordland, Odda og Haugesund-området.