— Fullstendig vanvittig, seier Marianne Sandahl Bjorøy, gruppeleiar for Arbeiderpartiet i Fjell.

I staden for å arrangere folkerøysting, kjem Fjell kommune høgst truleg til å lage ei meiningsmåling for å avgjere striden om bompengane i det nye fastlandssambandet. Framstegspartiet har stilt krav om folkerøysting i det omstridde spørsmålet. Dei andre partia i Fjell har gått inn for bompengar.

— Vi skal berre ha eit uttrykk for kva folk meiner. Kan vi få det gjennom ei meiningsmåling, er det klart at vi går for den billigaste løysinga, seier Fjells komande varaordførar, Georg Indrevik (Frp).

2000 spurte

— Dette var eit kompromiss for å få med Frp, seier Inge Ree (KrF).

Han tar ubeskjedent æra for å ha kome med forslaget som skal blidgjere Framstegspartiet - utan at det kostar så mykje pengar som ei folkerøysting. Målinga vil koste fleire hundre tusen kroner.

— Men ho er eigentleg unødvendig. Vårt primære ønskje er at kommunestyret bør ta standpunkt til dette.

Ree seier at KrF kan akseptere ei folkerøysting som siste alternativ. Men ikkje før.

— Men det kostar så mykje at det kan sette hindringar for gjennomføringa av fastlandssambandet, seier han.

For å få ei representativ folkemeining, vil Ree at mellom 1500 og 2000 menneske i Fjell blir spurde. Til ei vanleg partimeiningsmåling blir som regel rundt 1000 menneske ringt opp.

— Eg trur ikkje det blir så veldig store skilnader i resultata om det er ei røysting eller meiningsmåling, seier Ree.

- Søkt

Det trur derimot Aps gruppeleiar.

— Dette blir for søkt. Anten tar vi ansvar for vegprosjektet, eller så må vi leggje det på is og få eit kjempeproblem. Men ikkje kom her med ei meiningsmåling, seier Bjorøy.

Ho meiner ei måling aldri vil få fram kva folket meiner.

— Kva om alle på Bjorøy blir ringt, som ikkje vil bruke brua? Skal du ha råd frå folket, er folkerøysting det beste. På den andre sida har vi nett hatt val, der 67 prosent stemte på parti som vil ha bompengar, seier Bjorøy.

Ho får støtte av valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU.

— Meiner dei alvor, må dei ha ei lokal folkerøysting. Ei meiningsmåling høyrest ut som berre tull. Men rarare ting har vel skjedd før, seier Jenssen.

Siv Jensen-revolusjonen

Statsvitaren trur ikkje meiningsmålinga vil gi sikre svar.

— Det er alltid utryggleik knytt til målingar. I ettertid går det alltid å argumentere med at ho ikkje var riktig. Det vil nok mange gjere, særleg om resultata skulle gå dei imot, trur Jenssen.

Frps Georg Indrevik ser ikkje det same problemet.

— Vi må halde oss til det programmet vårt seier. Blir det nei på meiningsmålinga, blir det nei frå oss. Vi syns ikkje dette er ei stor sak i det heile, seier Indrevik.

I hans auge er bompengespørsmålet uansett ikkje relevant.

— Pengane kan bli kravd inn tidlegast i 2016. I mellomtida er det to stortingsval, og eg er overbevist om at folket vil avsette den sitjande regjeringa. Og med Siv Jensen som statsminister blir bompengar avskaffa.

BLÅTT: Inge Ree (KrF, i midten), Georg Indrevik (Frp) til høyre og den nyvalde ordføraren Lars Lie (H.) Dei meiner meiningsmåling er eit kompromiss til folkerøysting om bompengar. Det er ikkje så store skilnader i resultatet, men lett å gjennomføre, seier Ree.