Politiet fekk melding om utforkøyringa på Hamrane på Sekse klokka 08.25 laurdag morgon.

Magne Eivind Moe og familien er ikkje overraska over at det skjer ei ulukke på denne staden, og seier at det ikkje er første gong.

— Det er eit veldig stygt, smalt parti i ein krapp sving som vi har håpa skulle verte utbetra. Nett innanfor har to bilar tidlegare køyrd utfor vegen, seier Moe.

Det er 80 kilometers fartsgrense på vegstrekninga, og Moe fortel at lokalbefolkninga i lengre tid har jobba for å få 60-sone.

Politibetjent Sjur Stava ved Odda lensmannskontor kallar vegen for smal og uoversiktleg.

— Bilen skal ha kome borti betongkanten langs vegen og til slutt gått på sjøen, fortel Sjur Stava.

Han vil ikkje seie noko om ulykkesfaren på vegen.

Politiet var ikkje på staden før utpå dagen laurdag, men har hatt mannen til avhør. Dei stadfester at han tilsynelatande berre hadde mindre skader og kunne sjølv gå.

Bilføraren vart frakta til sjukehuset i Odda for legesjekk og røntgen.

Politiet har ikkje mistanke om at føraren skal ha vore rusa.

— Det verkar som han har vore litt uoppmerksam, og mista kontrollen over bilen. Vegen er smal, og då kan feil fort få store utslag, påpeikar Sjur Stava.