— Vi blir behandla som slavar her, hevdar ein av dei rumenske bærplukkarane, Marius Sandor (38).

Etter at politiet har bedd om det, gjennomførte Arbeidstilsynet denne veka ein inspeksjon av bu- og arbeidsforholda for meir enn 20 rumenske bærplukkarar som har jobba på Nornes i Sogndal kommune denne sommaren. Rapporten er klar i neste veke.

«Arbeidsnekt og truslar»

Sandor og kona Angelica (35) er nyleg blitt nyleg sparka frå bærplukkarjobben, og svart på kvitt fått «arbeidsnekt, truslar og uakseptabel oppførsel» som grunngjeving.

Situasjonen rundt rumenarane på Nornes er spesiell. Heile gruppa, som på eit tidspunkt i sommar talde over 20 personar, bur i huset til arbeidsgjevaren, Olav Amund Nornes. Rumenarane bur i sokkel- og andreetasjen på bustadhuset, medan Nornes sjølv saman med kona i første etasje. Kona hans er også rumensk og ho er og i nær slekt med fleire av dei rumenske bærplukkarane. Mellom andre dei som frontar kritikken mot ektemannen.

- Trekkjer nesten heile løna

— Vi vart lova ei heilt anna løn enn den vi fekk. No må vi betale dyrt for alt, både kost, losji, straum, arbeidsklede og reiser. Vi har jobba hardt og lange dagar, men får berre utbetalt 3.000 kroner i månaden. Vi kunne hatt akkurat like bra løn heime i Romania, hevdar fleire av rumenarane overfor Bergens Tidende.

Rumenarane viser oss arbeidskontrakter der utgifter til blant anna mat, husly, straum og arbeidstøy blir trekt i ein slik grad at det et opp nesten heile løna deira. Marius Sandor opnar døra mellom det store fellesrommet og inn til privaten.

— For dette rommet trekkjer arbeidsgjevar 3.500 kroner av løna til meg og kona mi. Det blir 7.000 kroner i månaden for eit lite soveromm utan vindauge, fortel den nyleg oppsagte rumenaren og slår oppgitt ut med armane.

Overfylt sokkeletasje

I eit anna rom i sokkeletasjen har opptil fem einslege menn blitt installert på rekke og rad. Opptil 15 personar har budd i denne sokkeletasjen, med tilgang til eitt enkelt kombinert bad og toalett.

— Hadde vi visst dette, ville det ikkje vore nokon grunn til å komme hit. Vi trudde Norge var eit rikt og velståande land, men faktum er at vi ville hatt det bedre heime i Romania, seier Sandor, som blankt avviser det grunnlaget arbeidsgjevaren har brukt til å gje han og kona sparken.

— Vi har ikkje nekta å jobbe eller gjort noko av det andre han påstår, hevdar rumenaren.

- Hundsa og hersa med

Ekteparet hevdar at maten heller ikkje står i forhold til det dei blir trekkt.

— Vi får berre ta ei skive med påleggsskinke kvar dag, seier han og held opp ei skive for å vise. - Eg var 82 kilo då eg kom hit. No veg eg 70 kilo. Kvifor får vi ikkje utbetalt løn så vi kan kjøpe maten vår sjølv?

Ekteparet har to døtre på 9 og 13 år. Dei bur hjå mormora i Romania. Dei har ikkje møttest sidan mai månad.

— Vi har visum og billett heim den 28. oktober. Ikkje før, seier han oppgitt.

Overtidslistene til rumenaren viser at han har hatt arbeidstid på mellom ni og tolv timar dagleg frå han kom i mai

— Nokre har vore her kvar sommar i fleire år no, og mange vågar ikkje seie frå om forholda, seier Sandor. - Vi har jobba hardt, men blir diskriminerte fordi vi er rumenarar. Vi bur dårleg, får lite mat har ingen sjanse til å komme oss nokon stad. I tillegg hundsar og hersar arbeidsgjevaren med oss når vi jobbar. Det skal ikkje vere slik.

I staden for å ha lagt seg opp pengar på ekstrajobben i Norge, hevdar fleire av rumenarane at dei snart reiser heim fattigare enn dei kom hit i vår.

BÆRTUR OVER FJORDEN: Arbeidsdagen er over. Rumenske Catalin Vantu (35) og Razvan Negru (21) er nettopp blitt frakta over Sogndalsfjorden i ein småbåt med dagens haust av bringebær frå felta på Fimreite-sida. Vi har store problem her, det er stress og dårlege forhold. Vi kunne like gjerne helde oss heime i Romania, seier dei.
Apneseth Oddleiv