I eit debattinnlegg i dagens avis går rektor ved Universitetet i Bergen (UIB) Sigmund Grønmo sterkt i rette med Djupedals satsing på universitet og høgskular. Han viser til ein forskingsrapport som slår fast at det vert vanskeleg å oppnå måla frå Forskingsmeldinga Vilje til forskning.

I følgje denne meldinga skulle dei samla utgiftene til forsking aukast frå 1,53 prosent av BNP i 2005 til tre prosent av BNP i 2010. Grønmo slår fast at dette ikkje lenger er realistisk.

Djupedal imøtegår denne kritikken ved å visa til same rapporten frå forskingsinstituttet NIFU STEP:

— Denne rapporten viser at opptrappingsplanen for forsking nesten er nådd. Vi har aldri brukt meir pengar på forsking, seier Djupedal. Ministeren peikar på at når innsatsen skal aukast til tre prosent av BNP, så skal det offentlege stå for ein prosent medan næringslivet er tenkt å bidra med to prosent.

- Feil å måla mot BNP

— Det offentlege skal klara sin del. Målet er vanskeleg å nå for næringslivet, men eg har ein god dialog med næringslivet for å klargjera korleis private kan bidra betre, seier Djupedal. Han argumenterer elles mot reknemåten der innsatsen blir målt mot BNP.

— Grønmo veit at det ikkje blir rett i Noreg, med høge oljeprisar og BNP i sterk vekst. Så lenge vi måler mot BNP kjem Noreg naturlegvis langt ned på lista. Ein må ikkje sjå seg blind på dette i ei tid med så kraftig auke i BNP. Måler vi derimot kor mykje vi brukar på forsking og høgare utdanning per capita, kjem Noreg svært godt ut i høve til dei fleste andre land i Europa, seier Djupedal.

Han slår fast at det har vore realvekst til forsking på begge budsjetta han har vore med å leggja fram.

Godt budsjett

— Det første budsjettet frå regjeringa Stoltenberg var det beste nokon sinne.

— Rektor ved UIB slår derimot fast at nasjonalbudsjettet ikkje kompenserer for eit kutt på 274 millionar kroner i basismidlar til universitet og høgskular?

— Då må han hugsa at dette berre er rundt ein prosent av det totale budsjettet på 20 milliardar kroner, seier Djupedal og listar opp ei rekkje samfunnsområde som krev pengar.

— Når vi veit at universiteta har pengar som er løyvd tidlegare og som ikkje er nytta, veit vi at dei fint vil klarar dette. UIB har også pengar på bok, seier Djupedal.

I eit intervju med UIBs nettstad På HØYDEN SEIER fryktar Grønmo også at manglande rekruttering til universiteta vil råka likestillingsarbeidet hardt. Så lenge det ikkje vert tilsett nye folk, vert det også vanskeleg å få inn kvinner.

Djupedal viser til ei eiga melding om rekruttering som er under arbeid.

Ikkje ein gong grått

Grønmo gir ikkje Djupedals innsats mykje ære. Han skriv: «Skal vi dømme etter innsatsen så langt, ligger Øystein Djupedal an til å bli husket som den ministeren som for alvor senket ambisjonsnivået for norsk forskning.

Vi spør oss: Kan Djupedal virkelig leve med det?»

Det kan Djupedal. Han hevdar at hans budsjett er betre enn alle dei som vart lagde fram under Kristin Clemet.

— Eg vil ikkje bagatellisera dei store utfordringane som ligg framfor oss, og vi skal satsa. Men denne kritikken kjem av høge forventningar til stor vekst. Det blir likevel feil å svartmåla slik Grønmo gjer når bilete ikkje ein gong er grått, seier Djupedal.

Norsk forskning fra galt til verre

SJÅ OGSÅ DEBATT SIDE 11, DEL 2

FÅR KRITIKK: I eit debattinnlegg i Bergens Tidende i dag går rektor ved Universitetet i Bergen (UIB) Sigmund Grønmo sterkt i rette med kunnskapsminister Øystein Djupedals (bildet)l satsing på universitet og høgskular.
Larsen, Håkon Mosvold