Kommunestyrerepresentant Geir Oldeide (Raudt) meiner det kan mangle inntekter for meir enn 1,6 millionar kroner frå alkoholomsetnaden, dersom omsetnadstala han har fått tilgang til er korrekte.

— Eg blei svært overraska då eg fekk sjå tala for alkoholomsetnad under Tall Ships'. Etter å ha søkt råd hos folk i serveringsbransjen, har eg berre blitt meir uroa, skriv Oldeide i ein e-post til Vågsøy kommune.

Halv inntekt Rapporten om kjøp og omsetnad av alkohol under skutefesten i Måløy i august i fjor, viser at det blei kjøpt inn 17.420 liter øl for 620.766 kroner. Dette blei selt for 1.015.848 kroner. Fortenesta på ølsalet blei dermed 395.082 kroner. Så vel utgifter som inntekter er utan moms.

Dette meiner Oldeide er altfor lite. Bransjefolk han har vore i kontakt med fortel at tommelfingerregelen for venta inntekt på alkoholomsetnad er 3,2 gonger innkjøpsverdien. Dersom denne faktoren blir brukt, skulle salsinntekta vore i underkant av to millionar kroner, nesten det doble av summen som er bokført.

Det same gjeld for vin og brennevin. For vinsalet ser mankoen ut til å vere kring 470.000, på brennevin rundt 190.000. Ved å bruke tommelfingerregelen kjem Oldeide altså fram til at det manglar inntekter for litt over 1,6 millionar.

Halvliter til 29 kroner - Det finst sikkert andre og meir nøyaktige måtar å rekne ut forventa inntekt på omsett kvantum, og dei kan heilt sikkert gje varierande resultat. Men det kan ikkje vere tvil om at det manglar mykje pengar. Svært mykje pengar, meiner Oldeide.

Under seglskutefesten i Måløy blei det skjenk alkohol frå fleire telt i sentrum. All omsetnad frå telta skjedde under paraplyen til Tall Ships' Races Måløy. Sal av mat og alkohol frå desse telta skulle vere ein berebjelke for kjempearrangementet, som ser ut til å gå med utrulege 15 millionar kroner i minus.

Bergens Tidende fekk i går innsyn i same materialet som kommunepolitikar Oldeide har hatt. Eit enkelt reknestykke viser at dersom rekneskapen er korrekt, så blei halvlitrane med øl selde for kring 29 kroner, utan at moms er teken med. Prisen i serveringstelta varierte frå konsept til konsept, men låg rundt 60 kroner. Dersom ein slik halvliterpris blir lagt til grunn, skulle inntektene av ølsalet ha vore over 2,2 millionar kroner.

Trur han tek feil Oldeide ber no rådmannen og kontrollutvalet i kommunen undersøkje rekneskapen. Og det skal skje, lovar rådmann Ørjan Raknes Forthun:

— Nettopp med alkohol var vi ekstra påpasselege. Det er ikkje noko i dette materialet som tyder på at det er skjedd noko gale. Revisjonen har vore gjennom omsetnadstala utan at dei har hatt merknader, seier rådmannen som ikkje kan love noko svar før etter pinse.

— Kva om Oldeide har rett, at inntekter for meir enn 1,6 millionar kan vere vekke?

— Det er i så fall ei svært alvorleg sak. Eg trur han må ha lese tala feil, svarar Raknes Forthun.

Det håpar også Raudtpolitikaren:

— Ja, eg håpar eg tek feil. Mankoen ser graverande ut. Det beste vil vere om nokon kan gje ei fornuftig forklaring, og at pengar ikkje har blitt borte.

HÅPAR HAN TEK FEIL: Geir Oldeide har slått alarm om tala for alkoholomsetnad under Tall Ships' i Måløy. Han fryktar inntekter for meir enn 1,6 millionar kan vere vekke.
Øystein Torheim (Arkivfoto)