Fjordane tingrett dømde i går stryningen som kjøpte, oppbevarte og selde 3,5 kilo amfetamin til fengsel i seks og eit halvt år.

– For mykje, seier forsvarar Jørgen Riple til NRK Sogn og Fjordane.

– Eg meiner dette var i meste laget med tanke på at den dømde har tilstått alt han er dømd for, og dermed sparte retten for ein heil del arbeid, seier han.

Mor til den dømde fekk 420 timars samfunnsstraff for å ha medverka i saka. Sjølv har ho heile tida sagt at ho er uskuldig.

Dei har to veker på seg til å anke dommen i lagmannsretten.