Det skjer etter at ortopediklinikken har brukt teknikken med computernavigering i to år. Helse Førde har i tillegg annonsert for å få pasientar til klinikken.

Det er fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest som ber om granskinga.

— Som eigar av sjukehuset har vi informert om at vi no vil sjå på desse tilhøva, seier Søreide.

Mindre smerter

— Kvifor har ikkje dette vore gjort tidlegare?

— Spørsmålet er om vi til ein kvar tid kan vere informert om alt som skjer i helseføretaka. Vi kan ikkje ha oversyn over kva som blir gjort over alt, seier han.

Overlege Truls Jellestad har ein avansert computer som hjelpemiddel under operasjonane i Lærdal. Pc-en viser kvar protesane skal plasserast. Føremona med computernavigeringa er i følgje overlegen at det hjelper ortopeden slik at protesane blir meir presis plasserte. Pasienten får mindre smerter etter operasjonane, og brukar kortare tid på opptrening.

Lite dokumentasjon

Helse Vest meiner det er lite og mangelfull vitskapleg dokumentasjon for at den nye teknikken gir betre resultat enn standard teknikk. Regionhelseføretaket støttar seg på opplysningar frå Leddproteseregisteret i Bergen. Her blir det samla informasjon om alle proteseoperasjonar på alle ledd i landet.

Data frå registeret viser at korttidsresultata etter hofteoperasjonar i Lærdal er i tråd med nasjonalt gjennomsnitt. For kneproteseoperasjonane er observasjonstida for kort til å trekkje sikre konklusjonar.

I Helse Vest er konklusjonen at det sparsame vitskaplege litteraturtilfanget tilseier at teknikken må klassifiserast som fagleg utviklingsarbeid.

-Kjenner ikkje til søknad

Dersom det er snakk om medisinsk forsking, skal det følgjast bestemte retningsliner for å sikre at pasientane får forsvarleg behandling. I botnen for slik forskingsretta behandling skal det liggje ein søknad.

Før behandlinga tek til skal ein regional etisk komité godkjenne opplegget. Det same skal personvernombodet gjere, i fall det er snakk om å lagre pasientopplysningar. Vidare skal det førast behandlingsprotokoll. Kanskje viktigast av alt er at pasienten skal informerast om at behandlinga er utprøvande og gje sitt samtykke før behandlinga startar.

Fagdirektør Odd Søreide seier han ikkje kjenner til at det er søkt om få gjere utprøvande behandling i Lærdal.