Vertinne Bjørg Wiik fryktar at færre turistar kjem til Kjeåsen, dersom lina blir bygd.

— Dette er meiningslaust. Legg lina ein annan stad! Ein kraftleidning vil vere skjemmande, og forringe naturen her. Folk er imot denne lina, og det er vi også, seier Wiik til BT.

— Dessutan er vi redde for at folk som bur her skal bli utsette for stråling.

Ein annan einebuar, Jon Skaar, kan også få utsikt til kraftlina frå stoveglaset sitt på fjellgarden Skår, som ligg 300 meter over havet i Fyksesund i Kvam. Han er heller ikkje vidare lysten på å få ein svær kraftleidning som næraste nabo.

— Krafta må fram, men prinsipielt er eg imot. Ein kan tenkje seg betre utsikt enn ei kraftline av slike dimensjonar. Ingen ønskjer vel ei slik belastning, seier 80-åringen til BT.

— Skal du delta på folkemøtet i Øystese neste onsdag?

— Nei, det blir litt for tungvint for meg å møte opp der. Men mitt inntrykk er at mange er opptekne av dette her i distriktet, og at saka blir diskutert.