I dag tek helseminister Dagfinn Høybråten den endelege avgjerda om kor mange sjukehus det skal vera i Sogn og Fjordane i framtida. Og motstandarane mobiliserer til ein siste innsats for å oppretthalda fødestova i Lærdal og sjukehuset i Florø. I går fekk helseministeren overlevert ein juridisk utgreiing frå advokat Halfdan Melbye i Bergen. Han meiner vedtaket regionføretaket har gjort er ugyldig etter Forvaltningsloven, på grunn av feil i sakshandsaminga.

Bakgrunnen er at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Helsetilsynet har peika på at dei ville ha utgreidd konsekvensane ei nedlegging av fødestova ville få for primærhelsetenesta, før vedtaket vart gjennomført. Etter dette innstilte administrerande direktør i Helse Førde på å oppretthalda fødestova og vurderte ikkje om ei saksutgreiing som var naudsynt.

Advokat Melbye skriv at det ikkje er ein kvar sakshandsamingsfeil som kan føre til at vedtak må kjennast ugyldige.

— Men i dette høve er det eit par konkrete tilhøve som underbyggjer at feilen kan ha fått ein slik verknad. Det eine er at styrevedtaket i Helse Førde var gjort med knappast mogeleg fleirtal. Hadde eit av styremedlemene endra standpunkt, ville heile vedtaket vorte endra. Det andre er at korkje administrasjonen eller styret i Helse Førde har grunngjeve kvifor det ikkje var naudsynt å gjera utgreiinga som Fylkesmannen og Helsetilsynet tilrådde. Difor veit ein ikkje om ei nærare utgreiing av verknadene for kommunehelsetenesta kunne ha påverka styret sin konklusjon. Det må det leggjast til grunn at ei forsvarleg sakshandsaming kunne ha endra konklusjonen, hevdar Melbye.