I går sende ordføraren eit nytt brev til sin partikollega i statsrådsstolen. Der skriv Aarethun rett ut at departementet har blitt feilinformert.

— Ja, det er vår påstand inntil det motsette er bevist, seier Aarethun.

Årsaka er opplysningane som kom fram i går om at Ortopediklinikk Lærdal hadde unntak frå innkjøpsavtalen. I følgje ein avtale om innkjøp av protesar mellom Helse Vest og firmaet Smith & Nephew skulle klinikken ikkje omfattast av avtalen. Grunnen var at klinikken brukte computernavigering av protesar, og at berre eitt firma i landet, Braun Medical AS Norway, leverte slike protesar då kontrakten blei inngått. Avtalen, som trådde i kraft 1. januar 2005, gjeld til årsskiftet.

Har visst

Aarethun meiner dette viser at Helse Vest og Helse Førde sjølv har lagt til grunn at ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus ikkje skal omfattast av innkjøpsavtalen for protesar.

— Helse Vest og Helse Førde har heilt sidan opprettinga av klinikken visst og ønskt at innkjøpa av forbruksmateriell til klinikken skal skje separat, skriv ordføraren i brevet til helseministeren.

På bakgrunn av avtalen der Lærdal blei haldne utanom, meiner Aarethun det framstår som heilt uforståeleg at representantar frå Helse Førde og Helse Vest opplyser at dei først i førre veke blei klar over at klinikken kjøper utstyr utanfor innkjøpsavtalane.

Skandalisert

I brevet peikar også ordføraren på at det i riksdekkjande media er framsett alvorlege skuldingar mot overlegen ved klinikken. Dette dreiar seg i hovudsak om ein artikkel i nettavisa til Aftenposten som blei lagt ut berre få minutt etter at Helse Vest informerte om saka i ei pressemelding.

— Me finn det sterkt beklageleg at Helse Vest og Helse Førde har skandalisert Lærdal sjukehus, ortopediklinikken og enkeltpersonar, og på ein alvorleg måte intervenert i den politiske styringa av helsevesenet, skriv ordføraren.

Helse Vest ønskjer ikkje å kommentere enkeltelement i avtaler så lenge revisor granskar innkjøpspraksisen ved sjukehuset.