39-åringen skal ha motsett seg både å avgje DNA-prøve og fingeravtrykk til politiet. Han har heller ikkje gått med på å la seg fotografere eller å la politiet undersøke telefonbruken hans eller bruk av minibankkort. Difor gjekk politiet i går til Bergen tingrett for å innhente alt dette utan hans samtykke.

KGB-spekulasjon

I retten i går skal den drapssikta ha vist til ein telefon forvarar Brynjar Meling hadde fått frå ein journalist i VG. Spørsmålet frå journalisten var om det var rett at KGB hadde prøvd å verve offiseren då han studerte i London på tidleg 90-tal. Dette tolkar 39-åringen som at han må vore i søkjelyset til politiet sidan den gongen, og at telefonen hans må ha vore avlytta av norsk politi. Den sikta kan difor ikkje skjønne kvifor dei nå vil granske telefonbruken hans.

— Dette med KGB har vore heilt ukjent for meg. Eg aner ikkje kva som ligg bak, seier forsvarar Brynjar Meling.

Vil ha mental sjekk

Meling har bedt om at klienten hans blir sett under judisiell observasjon, for å få ei vurdering av den psykiske helsa hans. Dette er ennå ikkje gjort - politiet ønskjer først å avhøyre eksmannen, noko han har motsett seg.

Politiet valde i går å slakke på restriksjonane, og den drapssikta vil både få lese aviser, sjå fjernsyn og høyre på radio framover. Han vil også få lov til å ta imot besøk og brev, under kontroll av politiet.

Allereie for ei veke sidan opna politiet for at 39-åringen kunne få møte broren i fengselet, under oppsyn av politiet. Det har ennå ikkje funne stad noko besøk.