Før BKK starta utbygginga i fjellområde ved Austgulfjorden i 2005, fekk dei gjennomslag for endringar i tidlegare utbyggingsplanar.

— Når vi no ser kva dette har enda med, var dei gamle planane langt betre for naturen, seier Bjarne Kløvtveit, grunneigar ved det hardt regulerte Kløvtveitvatnet. Kraftstasjonen er dessutan plassert på hans eigedom, og han er også grunneigar i området der BKK har bygt røyrgate, tunnel og veg mellom vatnet og kraftstasjonen.

Større regulering

Bergens Tidende skreiv sist veke om utbygginga av kraftverket i Gulen. Grunneigarar frå Austgulen stod der fram og kritiserte anleggsarbeidet som går føre seg i fjellområda deira. Dei karakteriserte utbygginga som brutal i forhold til naturen, ei regulering så hardhendt at dei ikkje trudde det kunne skje i 2007. Bjarne Kløvtveit, som bur noko lenger ute med Austgulfjorden, er samd:

— Naturvernkreftene har vore heilt fråverande i denne saka, meiner han.

Kraftutbygginga i fjellområda ved Austgulfjorden omfattar tre vatn, Transdalsvatnet, Austgulstølvatnet og Kløvtveitvatnet. Det siste er det største, og fungerer som magasin for kraftstasjonen ved fjorden.

Kløvtveitvatnet ligg høgast av dei tre vatna, og i følgje dei gamle planane skulle vatnet frå Transdals- og Austgulstølvatnet pumpast til Kløvtveitvatnet. I 2004 fekk BKK endra konsesjonen. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav kraftutbyggjaren løyve til å la vatnet frå dei to vatna renne i tunnelar til magasinet. Konsekvensen blir ei langt større permanent nedtapping av Kløvtveitvatnet.

Betre for miljøet

NVE sa ja til dei nye BKK-planane fordi dei meinte dei var betre for miljøet. Austgulstølvatnet slapp regulering, det var ikkje nødvendig med pumpestasjonar og ei kraftline mellom Kløvtveit- og Austgulstølvatnet kunne droppast.

— Ved Kløvtveitvatn vil planendringa medføre noko auka negative konsekvensar for miljøet, ved at den permanent nedtappa sonen blir større og meir skjemmande. Kulturlandskapet rundt Austgulstølvatnet vil derimot bli mindre råka. Dette er tidlegare vurdert som verdifullt, skreiv NVE den gongen. Deira konklusjon var at dei nye planane var vesentleg betre i forhold til landskapsinngrep.

Bjarne Kløvtveit, som gjennom anleggsperioden har hatt fleire feidar med utbyggjaren, meiner naturvernkreftene har vore heilt fråverande i denne saka:

— Eg har ikkje hatt noko støtte, og har kjent meg ganske makteslaus.

Grave ned

Andre grunneigarar og brukarar av området som har kontakta Bergens Tidende etter at avisa skreiv om saka sist fredag, delar Kløvtveits syn. Dei meiner dei gamle planane, som BKK i hovudsak fekk endra for å betre økonomien i utbygginga, ville gitt ei utbygginga som hadde spart naturen.

— Det som er vunne miljømessig er ei kraftline som ikkje blei bygd. Men den kunne vel BKK eigentleg berre ha grave ned. Då ville ho ikkje blitt synleg, seier Bjarne Kløvtveit.

INNGREP: Slik ser det ut ved Kløvtveitvatnet i Gulen eit halvår før anleggsperioden er over. Grunneigarar karakteriserer utbygginga som brutal.
oddleiv apneseth