Dei fryktar at den private brønnen deira er blitt forgifta, og har meldt saka til politiet.

Til avisa Firda seier ekteparet at dei har fått plager som hovudverk, tåkesyn og svie i augene av vatnet, og at den påståtte forgiftinga verkar å vere nøye planlagt og målretta.

Fungerande lensmann Åge Løset ved Fjaler lensmannskontor opplyser til bt.no at ei rekke prøver av vatnet vart tatt i romjula, og at Kripos no er ansvarlege for å få gjort dei kjemiske testane.

— Det vil ta ei tid før resultatet er klart, særleg på grunn av at vi ikkje veit kva konkrete giftstoff vi er på jakt etter, seier Løset, som elles opplyser at saka blir etterforska på normalt vis.

Drikkevatnet til den aktuelle garden kjem frå ein inngjerda, men open utmarksbrønn eit par hundre meter unna.

Ekteparet meiner dei har funne spor frå aktivitet som tyder på at uvedkommande hadde tukla med brønnen. Samstundes var delar av vegstasjonen kring kraftig misfarga.

Etter desse funna skal familien straks ha slutta å bruke brønnen som drikkevatn, og saka vart meld til politiet.

Sjølv fortel dei til lokalavisa at dei har sine konkrete mistankar til kven som står bak.

Etter det bt.no får opplyst, er det vel kjent i lokalmiljøet at ein nabokrangel har pågått i lengre tid.