Bergens Tidende snakka i går med fleire personar som meiner rasa og steinspranga har skjedd oftare etter at arbeidet på den nye tunnelen tok til. Både representantar for transportnæringa og andre som køyrer ofte gjennom området, fryktar at arbeidet med den nye tunnelen har gjort fjellet endå meir rasfarleg. Rørsle frå dei stadige sprengingane kan ha gjort fjellpartiet endå meir ustabilt.

Statens vegvesen avviser påstandane. Prosjektansvarleg Susanne Svardal seier dei har målt rørslene i fjellet i den tida sprengingsarbeidet pågjekk nærast «overflata».

— Då vi var 60-70 meter inne i fjellet fekk vi utslag på 5,5. Dette er svært lite. I samband med sprengingar nær hus som står på lausmassar, skal tilsvarande verdi ikkje vere over 30. Då vi kom 90 meter inn registrerte vi ikkje lenger utslag på måleinstrumenta. No er vi 150 meter inne i fjellet, seier Svardal.

Den siste sprenginga i tunnelen før ulukka skjedde var klokka to natt til tysdag, altså kring seks timar før steinane losna.

— Eg kan ikkje svare på om det skjer fleire ras eller steinsprang no enn før, men våre målingar syner at sprengingsarbeidet ikkje skal ha noko innverknad.

Den nye tunnelen skal stå ferdig i november neste år. Lokalt har det også blitt reist kritikk mot at tunnelen er for kort. Tunnelinnslaget på Leikangersida ligg i eit område der det har gått skred før, og burde difor vore flytta lenger vest.