Snart tre år etter at det nederlandske ekteparet Janbroers fekk store skadar på bubilen sin då han skulle køyre i land frå ferja M/S «Sunnfjord», går saka for retten. Hollendarens forsikringsselskap krev at Fjord1 betaler reparasjonen og erstatning.

Under gårsdagens innleiingsføredrag kom det fram at partane er usamde om alle dei mest sentrale elementa i den sivile rettssaka: Kvar stod bubilen under overfarten? Køyrde Cornelius Janbroers då skaden skjedde? Var hengedekket i rørsle då Janbroers skulle køyre i land frå det vanlege bildekket?

Full ferje

Sommaren 2004 er det nederlandske ekteparet er på ferie i Noreg. Ein ettermiddag køyrer dei om bord i ferja på Vangsnes, som skal ta dei over til Dragsvik på nordsida av Sognefjorden.

«Sunnfjord» er ei relativt lita ferje som har fått påbygt eit hengdekk på eine sidan for å kunne ta fleire bilar. Hengedekket kan senkast i begge endar når bilane skal køyre på eller av.

Turistsesongen er framleis på topp, og køen av bilar på Vangsnes er lang. Ferja er difor stappfull då ho legg frå kai. Overfarten går smertefritt.

Så langt er partane i grove trekk samde. Striden står om kva som skjer då ferja har lagt til kai, og bubilen skal på land.

Videobeviset

Prosessfullmektig for selskapet London Verzekeringen i Amsterdam, Christian Bettmo, hevda i sitt innleiingsføredrag at Christian Janbroers stod fremst på det hovuddekket kloss i den delen av hengedekket som kan senkast. Han var likevel sist til å køyre av, fordi han somla.

— Før han fekk sett bilen i gang, starta senkinga av hengedekket. Kanten tok ned i sida på Janbroers bubil, sa Bettmo.

Han meiner operatøren ikkje hadde kontakt med ein annan av mannskapet, som skulle gje signal om at det var klart. For å prøve dette viste han i retten ein video Janbroer sjølv tok neste gong «Sunnfjord» la til kai i Dragsvik. Den viser at mannskapet tek ned dekket før alle bilane har køyrt i land frå det vanlege dekket, og at eit nytt køyretøy er nær ved å få skader.

— Nedkøyringsrampen blei operert i strid med rutinane. Skaden på bubilen skuldast ein grov feil av mannskapet, meiner Bettmo.

Han la også vekt på at skadane på bilen blei så omfattande at dei ikkje kan kome av at sjåføren har køyrt på hengedekket.

Uråd

Det meiner nemleg motparten, Fjord1 Fylkesbaatane. Deira advokat, Joakim Broder, sa i retten at det er fysisk umogleg at hengedekket har ført til skadane. Årsaka er at bubilen er 3,03 meter høg, medan det opp til hengedekket er 2,45 meter.

— Det går ikkje an å få ein bubil under hengedekket. Difor kan heller ikkje den delen av dekket som blir teke ned når bilane skal av, slå ned i taket på bubilen, sa Broder i retten.

Han la i sitt innleiingsføredrag stor vekt på å vise at den nederlandske sjåføren har endra forklaring undervegs. Også vitne har kome med forklaringar som i ettertid viser seg må vere faktisk feil. Advokaten la ikkje skjul på at han trur Janbroers har stått heilt bakarst, det var grunnen til at han køyrde sist av.

— Han har køyrt framover, og av ein eller annan grunn svinga til høgre inn i hengedekket, sa Broder.

Retten var i går ettermiddag på synfaring med bubil på ferja. Ifølgje Broder viste synfaring at rampen går rett ned, og ikkje svingar innover når han blir senka.

— Eg meiner dette styrkar vår sak, seier Fjord1-representanten som krev at selskapet blir frifunne.