Den natta Marianne Aarethun Rode flykta med dottera Marit (14) og mannen John Eirik, var det eit inferno som møtte dei.

Medan knusktørr vinterluft og storm i vindkasta spreidde gneistregn over Lærdalsøyri, såg den vesle familien korleis hus etter hus vart slukte av flammane.

Ulmar i Lærdal

Sju månader seinare er branntomtene rydda. Men sjølv om dei mest synlege spora er borte, ulmar det framleis i Lærdal.

Rode, som er talskvinne for brannofra, er skarp i blikket når ho fortel om kva som hende etter brannen.

- Eg er redd Lærdal kommune har brukt ungane våre bevisst for å få pengar frå staten. Det har vore ei belastning, seier Rode.

lærdal1.jpg
Vegar Valde

Etter ulykka vart 200 millionar kroner betalt ut på forsikringar. På vegner av dei rundt 2000 innbyggjarane i Lærdal, reiste kommuneleiinga òg til Oslo og kravde 50 millionar kroner frå regjeringa.

Den statlege støtta vart likevel ikkje større enn ni millionar.

Identifiserte barn

Eit viktig poeng i søknaden var at kommunen trong ressursar for å hjelpe dei brannråka barna.

- Raskt etter brannen kom kommunen med utsegner i media som lett kunne identifisere enkelte barn. Gang på gang hevda kommunen at barna våre skulle vere så traumatiserte. Det kjende vi oss absolutt ikkje att i, seier Rode.

- Eg synest det er leit det dei seier om oss. Eg er ikkje traumatisert, legg dottera Marit (14) til.

Medieomtalen var massiv. Rode og dei andre brannofra skreiv difor eit brev til kommunen tidlegare i vår, der dei bad kommunen slutte å trekkje inn barna.

«Fleire av dei brannråka, dvs. dei som har mista husa sine, har teke kontakt og fortel at dei kjenner på uro i høve den uttalte argumentasjonen i høve søknad om midlar etter brannen [...]. Me stiller [òg] spørsmålsteikn ved om det er lov å gå ut med sensitiv informasjon kring einskilde brukarar» heiter det i brevet.

- Likevel held kommunen fram som før, seier Rode.

Småpengar til barna

Rode fortel at mange foreldre er forarga. Slik dei ser det, er det skarp kontrast mellom det store behovet kommunen har skissert og dei ressursane kommunen så langt har sett inn.

I søknaden til staten bad kommunen om midlar til seks traumepedagogar, som skulle byrje til hausten.

- Men av ekstramidlane Lærdal fekk etter brannen, er berre 527 kroner brukt på ekstra ressursar til ungane ved Lærdalsøyri skule, seier Rode.

Ho viser til rekneskapen som kommunen laga over akutt-fasen etter brannen. BT har fått utlevert den same rapporten, men kommunen understrekar at tala ikkje er sikre.

Til saman var det fire barn i barnehagen og tre barn i skulen som mista husa sine i januar. Rode kjenner ikkje til at nokon av dei har fått ekstra hjelp, eller at kommunen har teke kontakt for å kartleggje behovet.

- Vi har oppegåande og ressurssterke barn, som har takla dette greitt. Men om nødvendig, skulle ein sett inn ressursane frå dag ein, ikkje fleire månader etter brannen, seier Rode.

Skår i idyllen

«Bud bedes gaa kjøkkentrappa», seier eit lite skilt.

I Lærdalsøyri steiker sola over gamlegata, som svingar seg slakt gjennom den eldre delen av bygda. Dei gamle empirhusa kneisar framleis mot himmelen, slik dei har gjort i hundreår.

Langs fjorden ligg sjøbuer med gavl mot gata, slik som på Bryggen i Bergen.

Arkitekturen fortel om ei stordomstid, då Lærdalsøyri var handelssentrum for folk både frå Austlandet og Vestlandet.

Like bak ligg òg dei tomme branntomtene.

Kraftige skulekutt

Øyvind Hamre er leiar for FAU ved Lærdalsøyri skule. Han møter oss ved det gamle ungdomshuset, som har klassiske søyler og gavl.

Hamre fortel at kvart fjerde årsverk forsvinn ved skulen hans frå hausten. Til saman skal kommunen kutte 11 stillingar på oppvekstområdet.

Samstundes snakkar kommuneleiinga om ei satsing på barn.

- Vi har om lag 20 årsverk ved skulen vår, og no skal 4,5 bort. Kva kommuneleiinga seier og kva dei faktisk gjer, det heng ikkje saman, seier Hamre.

Kommunen hadde vedteke kutt i skulen, samstundes som politikarane var i Oslo for å be om midlar til nettopp skule. Det, fryktar Hamre, bidrog til at Lærdal berre fekk ein brøkdel av kva kommunen bad om.

- Den søknaden leiinga sendte staten hadde lite å gjere med reelle behov. Ein kan tvert imot spørje seg om det ikkje heller var ei ønskeliste for å berge ein dårleg kommune-økonomi, seier han.

Ifølgje Hamre kunne kommunen gjort dei nødvendige innsparingane på andre vis, om ønsket hadde vore å sikre ressursar til barna.

- Lærdal har tre skular, men det er kapasitet til å samle elevane på ein. Då ville ein ikkje trunge å gjere like store kutt, seier han.

Har brote lova

Ordførar Jan Geir Solheim har representert Lærdal i møte med media og statlege styresmakter. Fleire av utsegnene ønsker han ikkje å kommentere, men han er usamd i at kommunen har brukt barna til brannofra.

- Det har vi absolutt ikkje. Eg er lei meg om enkelte har opplevd det slik, og det vil vi beklage. Dette har vi forsøkt å vere særs medvitne om, seier Solheim.

Sjølv har han ikkje sett utsegner som gjer det mogleg å identifisere enkeltpersonar, men ordføraren medgjev at det kan ha skjedd.

- På det meste har det vore 120 journalistar i Lærdal, og då har vi ikkje hatt oversikt over alle som har uttalt seg.

Solheim står òg fast på at kommunen har prioritert barna.

- Vi har ein rådmann som har sagt han har brote kommunelova kvar dag etter brannen, for å skaffe nok ressursar. Lærdal kommune har ingen oppsparte pengar. At vi berre skal ha brukt 527 kroner på Lærdalsøyri skule, det kjenner eg ikkje til.

lærdal3.jpg