— Like til i vår levde eg i trua på at dersom det skjedde ei stor ulukke i Gulen, ville vi få hjelp. No veit eg med meg sjølv at så skjer ikkje. Til dags dato har ingen kome til meg, og sagt: «Har du behov for hjelp, Norman»?

Kommunelegen går no ut med ei breiside mot styremakter han meiner ikkje har følgt opp. Kritikken rettar seg like frå Helsetilsynet på fylkesnivå til statlege organ og direktorat han meiner må ha som oppgåve å trå til for å hjelpe kommunar og lokalsamfunn som kjem ut for så dramatiske hendingar.

Kva med neste gong?

— Neste gong det hender ei tilsvarande ulukke, så veit vi i Gulen kva som vil skje. Problemet er at neste gong blir det neppe i Gulen. Neste gong blir kanskje Andøya? Og kan hende blir ein vikarlege frå Pakistan sitjande med ansvaret? Har vi då rett til å forvente at denne legen skal ha alle kunnskapar som trengst for å handtere ein slik situasjon?, spør Norman.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) arbeider no med ein endeleg rapport om ulukka. I ei fråsegn til denne rapporten retta Statens helsetilsyn i Sogn og Fjordane skarp kritikk mot Gulen kommunen. Fylkeslege Petter Øgar peika på at kommunen hadde beredskapsansvaret, men at det svikta på ei rekkje område. Etter at Bergens Tidende omtalte notatet, la DSB lok på den vidare prosessen. Fråsegner frå andre etatar som skal uttale seg, har blitt hemmelegstempla.

Mista trua på systemet

Kommunelegen i Gulen legg ikkje særleg skjul på at hans tru på systemet har blitt vesentleg svekt i månadene som har gått etter at dei to tankane gjekk i lufta med eit brak.

Berre ein gong har han merka nemnande interesse utanfrå for å yte assistanse. Dette var i dagane rundt folkemøtet på Dalsøyra i slutten av juli. Då gjekk Sp-leiar Åslaug Haga, den gongen kommunalminister, ut og sa at Miljøverndepartementet måtte setje i gang ei uavhengig gransking. Ho sa til Dagsrevyen at det nok hadde vore større trykk på denne saka, om ulukka hadde skjedd i eit meir sentralt strøk. Det førte til ein viss aktivitet.

— Akkurat i dei dagane merka vi eit visst trykk, og då var Folkehelseinstituttet oss til hjelp. Dei gjorde ein god jobb i samband med folkemøtet, seier Norman.

- Kvar var heltane?

Kommunelegen viser til at det i ettertid ikkje burde vore så vanskeleg å sjå føre seg at folk som arbeider bur nær eksplosjonsområdet, ville få helseplager. Liknande ulukker har skjedd før, og dei har hatt eit hendingsforløp som har vore mykje likt utviklinga i Gulen. I notatet til DSB frå det lokale helsetilsynet, kjem det fram at kunnskapen om dette fanst.

— Det hadde vore veldig greitt og fått vite at slik og slik kan kome til å skje, seier Norman.

Kommunelegen seier hans kritikk ikkje berre rettar seg mot offentlege etatar. Han meiner også at miljøorganisasjonar og media har svikta.

— Nei, eg er ikkje særleg imponert over det som har skjedd i denne saka. Eg har mange gonger spurt meg sjølv: Kvar var alle heltane? Eg syns ganske mange skal ta eit grundig blikk på seg sjølv i spegelen når denne saka er avslutta.

KRASS KRITIKK: - Det har ikkje vore noko hjelp å få, seier kommunelege Tommy Norman om tida etter eksplosjonen i Sløvåg. Pasientane må følgjast i fleire år framover.