Diskusjonen går høgt om kva som bør skje på den nyrydda plassen framføre Rådhuset. Etter at Hus og hjem omtalte saka fredag, har mange signalisert sterk støtte til arkitekt Tor Helge Valen som meiner det vil vera ein byplanmessig tabbe å lata Gulating byggja som planlagt, midt på denne plassen.

Andre arkitektar, foreininga for norske landskapsarkitektar og mange debattantar på bt.no er samd med Valen i at byen bør bruka denne sjansen til å skaffa seg ein rådhusplass her i enden av Rådhusgaten. Gulating bør heller byggja nytt langs Kaigaten, meiner dei.

**Les også:

Rådhusplassen Bergen går glipp av**

Vil ta opp saka

– Dette er eit godt innspel og ein spanande tanke, men eg er redd den kjem for seint, seier Ruth Grung som er leiar i Komite for miljø og byutvikling.

– Det er også viktig at Gulating får nye lokale. Men dersom det er mogeleg å endra på planane utan at det tek for lang tid, så medverkar eg gjerne til det. Eg trur nemleg vi har feila her, seier ho.

Grung trur at dersom denne saka hadde kome opp i dag, ville utfallet blitt eit anna. Då ville det ikkje blitt snakk om å byggja framføre rådhuset slik det no er tenkt, meiner ho. Ho vil måndag ta opp saka både med byråd Lisbeth Iversen og med Statsbygg.

Toget er gått

Henning Warloe, Høgre sin byråd for finans, kultur og idrett, seier at han personleg har sans for tanken om ein open plass framføre Rådhuset på denne sida.

– Dette ville nok vore ei betre løysing enn den vedtekne, men toget er gått. Når Statsbygg no var klar til å byggja Gulating, var det lite anna vi kunne gjera enn å trykkja på knappen. Nybygget til Gulating er også viktig for Bergen, seier Warloe som beklagar at ikkje denne diskusjonen kom opp tidlegare.

Eikeseth er usamd

Å plassera nybygget til Gulating langs Kaigaten vil vera heilt feil, meiner kommunaldirektør for byutvikling i Bergen, Edel Eikeseth. Ho var med i juryen for Gulating-konkurransen i 2003 og er usamd med dei som meiner at det planlagde nybygget til Gulating bør flyttast. Eikeseth står fast på avgjerda ho den gongen var med på.

– Men planen om å gje rådhuset eit nytt inngangsparti er ikkje lagt bort. Tanken var å kle inn det opne rommet under søylene og på den måten utvida resepsjonsområdet, seier Eikeseth.

Ho medgir at det er flott å sjå brannstasjonen i all si prakt. Ho har i prinsippet ikkje noko imot ein open plass på den sida av rådhuset som vender mot Rådhusgaten.

– Men skal det byggjast i dette området, må bygget plasserast på plassen og ikkje langs Kaigaten, seier ho.

– Skal denne saka til ny diskusjon i kommunen må det i tilfelle bli på grunn av eit politisk initiativ, planmessig er ho ferdig avklara, seier Eikeseth.

Statsbygg, som skal reisa det nye kontorbygget til Gulating lagmannsrett, forhandlar med entreprenør og har planar om byggjestart i juni.

Kva meiner du om plasseringa av bygget?

Terje Grønmo Arkitekter AS