Forsvararen avslutta det rettslege OK Fish-maratonet med krav om mild behandling på dei tiltalepunkta der Jarle Kvalheim har tilstått, og full frifinning på dei punkta han nektar for. Fire-fem år er passeleg, meiner forsvararen.

I ei sak der tiltalte har erkjent straffeskuld for det desidert tyngste tiltalepunktet — momssvindel for ca. 275 millionar kroner - konsentrerte forsvarar Per Kjetil Stautland som venta mest om straffeutmålinga.

Skilnaden

Hovudpoenget hans er at OK Fish-sjef Jarle Kvalheim ikkje stakk dei mange moms-millionane i eiga lomme, men lot den illegale pengestraumen komme firmaet og leverandørane til gode.

— Størstedelen av dei momspengane som gjekk inn i firmaet, gjekk rett ut igjen. Dette har Kvalheim visst heile tida, og det er nettopp her den store skilnaden ligg mellom Kvalheim og ein som er ute etter å berike seg sjølv, sa forsvararen, advokat Per Kjetil Stautland då han var i ferd med å avslutte saka onsdag.

Uråd å forstå

Stautland la vekt på at det nærast er uråd for utanforståande å trenge inn i tiltalte sine handlingar og motiv. Han meinte at OK Fish-sjefen har levd eit nøkternt liv for ein bedriftsleiar.

Kvalheim nektar straffeskuld for dei øvrige tiltalepunkta, og Stautland krev klienten sin frifunnen for desse.

Dei viktigaste punkta er her ca. 22 millionar kroner som økokrim meiner Kvalheim prøvde å overføre til eit selskap han disponerte. Summen var del av eit oppgjer då OK Fish selde oppdrettsanlegg til Pan Fish ASA like før svindelen vart avslørt i desember 2000. Han nektar også straffeskuld for å ha tatt ut vel 12 millionar kroner i aksjeutbytte frå OK Fish.

SVINDELTILTALT: Jarle Kvalheim
Arkivfoto: Fjordanes Tidende