I desse dagar pågår nemleg den 10. gammalostfestivalen i Sognebygda, og i dette høvet lanserer meieriet ein splitter ny ostebar med alle rettar, skriv meieriet i ei pressemelding.

Ostebaren kan by på langt meir enn gamalost, og det internasjonale tilsnittet gjer det også naturleg med eit kontinentalt tilbod av drikkevarer attpå. Barmøblementet er som seg hør og bør laga av gamle, tradisjonelle meierispann.

Gamalostfestivalen starta torsdag og går over heile pinsehelga med ei rekke ulike arrangement — med eit storstila gratis, utandørs frokostbord lørdag formiddag som publikumshøgdepunktet.

I fjor registrerte arrangørane rundt 1.400 fro-kostgjester lørdagen, og ventar ikkje stort færre i år.