Det var under stille vær og god sikt i slutten av juni i år at dei fire kameratane frå Florø var på fisketur i Nekkøyosen utanfor kystbyen. Dei låg i ro midt i fjorden, og såg den store Princess-cruisaren nærme seg i stor fart. Heilt til det siste trudde dei han ville svinge unna. Så hoppa dei på sjøen.

— Det var utruleg nær, sa Mats Igland, ein av dei fire ungdommane, til Bergens Tidende den gongen.

No har sunnmøringen som stod til rors fått straffa for den aktlause båtføringa som lett kunne kosta Mats og kameratane livet.

Åtte tusen kroner i bot.

— At ein person nesten tar livet av fire menneske berre får åtte tusen i bot, er ganske tragisk, seier Mats Igland i dag.

Alle fire kameratane reagerer på straffa. Sunnmøringen har overfor politiet erkjent at han ikkje følgde godt nok med. Dei fire har ikkje høyrt eit ord frå mannen i etterkant.

Båten dei sat i, ein 18 fots skjærgardsjeep, vart treft skrått bakfrå av den 50 fot store cruisaren. Skadane var så omfattande at både båt og motor måtte kondemnerast. Skjærgardsjeepen var eitt år gammal og hadde kosta 220.000 kroner.

Saka har vore vurdert av Sjøfartsinspektøren i Bergen, som kom med forslaget til bøtestraff som politiet deretter følgde opp.