— Spesielt er vi nøgde med at fleirtalet klart står på at grunnopplæringa skal vere 13 år, seier lærarleiaren.

Hjetland seier ho er «glitrande nøgd» med at utvalet vil gjere barnehagen til ein del av utdanningssystemet, innføre lovfesta rett til barnehageplass og gratis kjernetid for femåringar. Like nøgd er ho med at timetalet skal aukast på småskulesteget.

Også råda om å gje lærarar og skuleleiarar meir systematisk etter- og vidareutdanning, og å styrke rådgjevingstenesta fell i god jord.

— Basisfag som norsk og matematikk skal styrkast, og elevane skal ha gymnastikk kvar dag. Kva skal vekk?

— Eg ser det er eit problem at utvalet ikkje seier noko spesifikt om kva dei vil redusere. Det politikarane må ha klart føre seg, er at det vil koste pengar å innføre dei tiltaka utvalet ber om.

Ikkje nett alt er etter forbundets hjarte. Fleirtalet sine råd om spesialundervisning er Helga Hjetland kritisk til. Men i dag kjem det i skuggen av alle dei positive framlegga.

— Det er gledeleg at vi har fått ei innstilling som ber preg av at folk har diskutert og jobba seg fram til løysingar som vil føre skulen framover, seier ho.

POSITIV: Helga Hjetland.
Arkivfoto: Per-Svein Reed