Det var laurdag i 20-tida det gjekk gale. Haukeland var del av eit større sankarlag som eigentleg hadde gitt seg for dagen. Men sidan nokon sa at dei hadde sett dei siste sauene, to vaksne og fire lam, bestemte nokre av sankarane seg for å ta ein tur til.

— Eg gjekk fremst, for det var mine sauer, fortel Haukeland frå sjukesenga på Haukeland universitetssjukehus, der han ligg med brote handledd og smerter etter eit kraftig slag i ryggen.

Ulukka skjedde på eit parti på stien som var litt smalt. Reidar Haukeland hadde kome seg oppom og bakom sauene.

— Eg var kanskje litt for oppteken av dyra og mindre oppteken av stien. Brått kjende eg at eg var i fritt fall. Eg prøvde febrilsk å finna noko å halda meg fast i, og landa på ein avsats, men fòr rundt att. Så gjekk det kast i kast nedover til eg stoppa i eit tre.

Der vart han liggjande i om lag ein time før luftambulansen fekk han opp.

— Eg synest det gjekk lang tid før helikopteret kom. Heldigvis var dei ein i laget som heldt meg med selskap.

Det vart ein lang tur til sjukehuset for Haukeland.

— Eg hang i sele under helikopteret saman med redningsmannen gjennom skogen. Me slong litt fram og tilbake, det var ikkje så godt.

Deretter gjekk turen med luftambulanse mot Bergen. Men grunna dårleg vêr måtte ein snu, følgja fjorden frå Norheimsund og til slutt landa i Ølve i Kvinnherad. Derifrå gjekk ferda med ambulanse landevegen til Haukeland universitetssjukehus. Den uheldige sauesankaren var ikkje i seng før klokka 00.30.

— Skal du gi deg med sauesanking no?

— Eg skal på sanking att, seier Reidar Haukeland bestemt.