ARE KALVØ

Amerikanske stemmeekspertar har stadfesta at stemma på lydbandet mest sannsynleg er stemma til Osama bin Laden. Stemmeekspertane har også funne ut at lydane i bakgrunnen kjem frå ein fyr i bakgrunnen som har lite med saka å gjere.

Våre eigne språkekspertar har omsett meldinga frå terroristsk til nynorsk:

«DETTE ER EI MELDING til øydeleggjande krefter i den vantru verdsdelen nord for Middelhavet og aust for Atlanteren.

Kjære vantru hundar, hestar, esel, muldyr, froskar, lemen, elg, meitemark, bavianar, lausbikkjer og midd.

Eg vel å bruke slike ord for å vere heilt sikker på å bli lagt merke til, for å vere heilt sikker på å nå fram med mi bøn til dei norske daglegvarekjedene om å stoppe den meiningslause og øydeleggjande priskrigen på øl. Mange butikkar i landet der nord i Europa har byrja å selje øl med tap. Denne priskrigen kjem det ikkje noko godt ut av. Ikkje berre taper butikkane dykkar pengar, men så lenge det er øl å få til låge prisar i norske butikkar, tilseier all erfaring at det er nesten umogleg å få merksemd om andre ting i dette landet. Det har lite for seg å drive med krig og terror dersom ikkje nokon legg merke til det. Derfor ber vi om at priskrigen blir avslutta straks.

Av same grunn ber vi også Arve Juritzen og spesielt vekebladet Her & Nå om å gå i dekning. Og, sjølv om eg ikkje eigentleg veit om eg er tøff nok, så tek eg også sjansen og rettar ei åtvaring til Vålerengas midtstoppar, Erik Hagen. Så lenge det går midtstopparar rundt i Norge og kallar andre fotballspelarar unemnelege ting, så er arbeidsforholda for oss som terroriserer verda langt på veg håplause.

Når alt dette skjer på ein gong — billeg øl, falske homofile barnefødslar og midtstopparar som kallar andre fotballspelarar unemnelege ting - då veit alle med litt kjennskap til forholda i Norge, at det er umogleg å få merksemd om noko anna.

Denne situasjonen er alvorleg. Og vi er fleire som er bekymra. Desse bekymringane lufta eg med George W. Bush, Ariel Sharon og den shiamuslimske oppviglarleiaren Moqtada al-Sadr under eit hemmeleg toppmøte på det lokale hotellet der eg bur, Holeinthemountain Hilton. Vi er alle menneske som, på kvar våre måtar, gjer ein innsats for at det skal skje ting i den store verda. Likevel opplever vi altså at det er vanskeleg eller umogleg å få merksemd så lenge ølet er billeg, Juritzen kanskje fødar og Panzer-Hagen går laus. Det er derfor vi rettar denne bøna til dei vantru hundane, hestane, muldyra, froskane, daglegvarekjedene, midtstopparane og lausbikkjene.