KJERSTI MJØR

Etter ein lang, politisk dragkamp i november i fjor, gjekk regjeringspartia til slutt inn for å fjerne eigenandelen på medisin på blå resept. Frå og med tysdag får dermed 900.000 uføre og pensjonistar over 67 år denne medisinen heilt gratis.

— Strålande, seier ekteparet Alfhild (82) og Bjarne (85) Hoem, som sit med kølapp på Svaneapoteket i Bergen.

Folketrygda betalar

Begge får medisin på blå resept, men ante ikkje at dei slepp å betale eigenandelar frå 1. oktober. Heretter blir det nemleg Folketrygda som betalar. Men lovendringa kostar flesk.

Berre for dei siste tre månadane i år blir utgiftene på 100 millionar kroner, og for heile 2003 blir summen firdobla. Med andre ord, er dette eit solid, økonomisk handslag til pensjonistar og uføre som gruppe.

— Dette er eit utjamningstiltak for ei gruppe som generelt har svakare økonomi enn andre, forklarar seniorrådgjevar Jostein Soldal i Helsedepartementet til BT.

Men sjølv om det snart er eit år sidan vedtaket vart gjort, er inntrykket etter ein spørjerunde på Svaneapoteket at svært få er klare over at medisin på blå resept blir gratis for alders-og uførepensjonistar.

Sparer inntil 1350 i året

— Veldig få veit om det, stadfestar teknisk assistent på Svaneapoteket, Ellinor Øyen.

— Eg var faktisk ikkje klar over det sjølv før denne veka. Men 1350 kroner er pengar, det, for ein minstepensjonist, seier Øyen.

Til no har ordninga nemleg fungert slik at pensjonistar og uføre har betalt eigendel på medisin på blå resept for opptil 1350 kroner i året. Dei som har kjøpt medisin over denne summen, har fått frikort.

At medisin på blå resept no blir heilt gratis, er godt nytt for ekteparet Hoem på benken på Svaneapoteket.

— Husleiga stig, men ikkje pensjonen, så dette høyrast bra ut, seier dei fornøgde.