Jondal kommune har søkt om oppstart neste haust for ei line i medier og kommunikasjon i den vidaregåande skulen. Den nedlagte barneskulen i Herand er peika ut som tilhaldsstad. Her skal også eit fredsakademi halda hus, ei vidareføring av professor Johan Galtung sine fredssymposiar i Jondal på sommartid.

Fylkesrådmannen er i tvil om det er mogleg å etablere eit slikt tilbod i Jondal, men vil ikkje avvisa saka og legg ho fram, utan tilråding korkje for eller mot, til drøfting i opplærings— og helseutvalet sitt møte på Voss.

Det er eit positivt og eit spanande framlegg å nytte Herand skule til vidaregåande opplæring og kombinere undervisningstilbodet med fredsproblematikk, uttalar fylkesrådmannen. Bygda Herand er rik på friluftsliv, idrettslag og kulturaktiviteter. Dei av elevane som ikkje kan bu heime, vil få tilbod om internatlignande bumiljø som kan styrke samholdet blant elevane.

Fylkesrådmannen er mest skeptisk til etablerings- og transportkostnadene. Og han trur det kan verta vanskeleg å rekruttera elevar når faget er det einaste vidaregåande tilbodet i ein nedlagt skulebygning. Det er viktig at tilboda vert samla til eit større fagmiljø.

Medier og kommunikasjon er eit svært utstyrskrevande undervisningstilbod og bør som hovudregel plasserast der det er eit større elevgrunnlag og der det kan opprettast fleire klassar på kvart trinn slik at fleire elevar kan nytte det dyre utstyret. I Jondal er tanken å skipa ein klasse med 15 elevar på kvart av dei tre alderstrinna i den vidaregåande skulen.

Odda vidaregåande skule er positiv til å administrera det nye tilbodet.

Etter samanbrotet for trebåtbyggjarlina er lokalpolitikarane i Jondal opptekne av å få ei attraktiv line i den vidaregåande skulen til kommunen. Medier og kommunikasjon er det stor søknad til, og vil kunne rekruttera mange nok elevar så sant tilbodet ikkje blir etablert i nabokommunane også.