— Det er iskaldt i klasseromma. Folk må sitja med jakke på inne. Eg frys sånn at eg måtte ha med ein omn heimanfrå, seier Tiril Eirunn Einarsdotter (14).

Eleven i klasse 9B på Stord ungdomsskule sit med strikkelabbar på og ein oljeomn ved pulten.

Ho fortel om klassekameratar som slit med hovudpine. Om tung luft som gjer medelevane ukonsentrerte. Om rom på skulen som er stengde på grunn av sopp i veggane.

— Det er så dårleg luft at me må sitja med vindauga opne, men då blir det iskaldt, seier 14-åringen.

Føler seg oversett

Stord kommune har hamna på Robek-lista over gjeldstynga kommunar. Det akkumulerte underskotet er på nær 40 millionar kroner, og investering i ny ungdomsskule er i budsjettframlegget frå rådmannen skyvd ut i det blå. I kveld er det høyring i Komité for oppvekst og utdanning om blant anna skulesituasjonen.

— Me oppfordrar elevar, foreldre, tilsette ved skulen og alle andre som støttar opp om kravet om ny skule til å stilla opp framfor rådhuset klokka 18, seier Einarsdotter.

Ho får støtte frå mor si, Jenny Maria Malmsten, som har fire barn med fartstid på Stord ungdomsskule.

— Halvparten av ungdommane i Stord kommune har fått ny ungdomsskule i Nordbygdo, men kva med den andre halvparten? Dei føler seg oversett. Kor lenge skal dei venta? spør Malmsten.

Svaret frå ordførar Liv Kari Eskeland (H) gjev lite håp.

Ny skule 50 prosent dyrare

Det er ikkje nokon kvikk-fiks på situasjonen, seier ordføraren.

Ho peikar på to forhold: For det første syner nye utrekningar at konseptet "Konge på haugane", som vann arkitektkonkurransen for ny ungdomsskule, vil bli 50 prosent dyrare. Skulen vil kosta 153 millionar kroner i høve til dei førespegla 100 millionane, ifølgje ordføraren.

For det andre er kommunen i ein slik situasjon at me ikkje kan investera dei nærate to til tre åra på grunn av gjeldssituasjonen.

Det er ingen veg utanom eigedomsskatt no, då?

Rådmannen vil nytta eigedomsskatt, men sjølv då har han skjøvet bygging av ungdomsskule fram i tid. Utan eigedomsskatt blir det yttarlegare utsetjing, seier Eskeland.

Overmoden situasjon

Kva vil du seia til elevane som sit med jakke og omn i klasseromma for å halda varmen?

Eg trur samtlege er eininge om at skulen er overmoden for renovering eller nybygg. Som skuleeigar ønskjer me betre skulebygg både for elevar og tilsette, men dette må sjåast opp mot andre oppgåver til dømes bygging av sjukeheimsplassar og nye krav til kommunane i Samhandlingsreforma.

Kva bør gjerast på Stord ungdomsskule?

ISKALD SKULE: Tiril Eirunn Einarsdotter må ha omn i klasserommet på Stord ungdomsskule.
PRIVAT