— Eg er godt nøgd med resultatet. Og det var interessant å fylja med på presisjonsarbeidet som heile tida, dag som natt, låg litt i framkant av timeplanen, seier Amund Fjose på Endeve.

Han måtte gjera eit solid innhogg i bankkontoen for å delta i eit spleiselag som gav traktorveg til tuns, i staden for ein smal gangveg. Fjose skamroser entreprenør John Jordalen og hans folk som med stor presisjon grov bort ein bit av Bergensbanen, sette på plass ein tre meter brei kulvert, og lappa jernbanen saman att. Den halvannan meter breie kulverten som opphavleg vart innkjøpt.

Fjose fekk fleire kilometers omveg frå tunet på oppsida av jernbanelina til alt jordbruksarealet på nedsida, då det i vår vart opna ny bilveg til tuns, og planovergangen vart stengt. Traktorkøyring i vanleg biltrafikk, gjennom bustadområde, forbi skular og idrettsplassar, er ikkje noko stas, vedgår han. Heretter kan han smetta under jernbanen med traktoren, sjølv om øvste kneika er stupbratt. To grannar får også nytte av den nye jernbaneundergangen, men i mindre grad enn Fjose.

Det er no berre ein planovergang att mellom Voss og Ygre. Den ligg på Gjerdåker og er sikra med halvbommar og lyssignal.

«Autostrada» på Geilo

Medan tre meters breidde gjer veg i vellinga på Endeve, fem kilometer aust for Voss sentrum, vart det i helga bygt to-felts bilveg med eit breitt fortau under jernbanelina på Geilo.

Den nye undergangen ligg på Rønsgård, i vestenden av Geilo stasjon. Prosjektet er eit spleiselag mellom Jernbaneverket, Hol kommune og private utbyggingsinteresser. Dette blir no hovudtilkomst til områda på oppsida av jernbanen, medrekna hotell og alpinanlegg.

Ein 450 tonn tung betongkonstruksjon har stått attmed lina, klar til å bli sett på plass denne helga.

Også på Sønsteby, fem kilometer aust for Gulsvik stasjon, vart ein prefabrikkert betongkonstruksjon sett på plass for å leia kryssande trafikk under jernbanen.

Jernbaneverket har likevel ein god det arbeid att før livsfarleg kryssing av jernbanesporet er eliminert.

Rassikring

Dei som arbeider med rassikring i Rastalia mellom Kløve og Urdland fekk ei god arbeidsøkt medan toga stod stille i helga.

— Alt gjekk etter planen, og helst føre tidsskjema, fortel Knut Helge Byrkje, som leiar arbeidet.

Jernbaneverket nytta også høvet til å gjennomføra ein del anna arbeid i dei timane toga stod stille.

I Haverstingtunnelen aust for Gulsvik vart 2,3 kilometer med gamle skinner byta ut med nye. På Ygre vart ein sporveksel fjerna, og på Skiple vart ei flaumskadd stikkrenne reparert.