I ei årrekke med jamn straum av OL— og VM-medaljar til bygda, har kommunen hatt eit luksusproblem med å velja kven som har gjort største bragda og får namnet sitt inngravert på Highland-troféet.

I år fann dei ingen verdig.

Kommunen risikerer no kritikk for å vera blasert og ha lagt lista for høgt.

Blunder i fjor

Fjerdeplass i junior-VM i langrenn ville vore verd ei påskjøning i dei fleste andre bygder. Han toler også samanlikning med tidlegare tildelingar.

Problemet kan vera at Sjur Røthe hadde enda betre plasseringar og kom heim med medaljar i fjor. Då nådde han ikkje opp fordi skiskyttar Jori Mørkve varta opp med enda større bragder. Ein administrativ glipp gjorde at feststemte heller ikkje i fjor fekk sjå eit av bygda sine idrettsidol ta imot heider på 17. mai.

Sipend

For å få slutt på medaljetørken må nye talent hjelpast fram, mellom anna med beskjedne stipend frå Edvard B. Hegboms Minnefond.

I år gjekk eit av tre stipend til Karoline Hegbom, som dermed fekk eit uvanleg minne etter bestefaren sin.

Dei to andre stipenda gjekk til Vilde Katrine Vethe (alpint) og Laila Himle (U16-landslaget i fotball).

Stipenda vart på tradisjonsrikt vis utdelt under 17.-maihøgtida på Idrottsplassen.

Heiderpris

Minnefondet sin heiderspris gjekk til Sigfred Sivertsen, ein av grunnleggarane av Voss Cup, og framleis sekretariatsleiar for den store fotballturneringa.

Edvard B. Hegboms Minnefond er oppretta til minne om målvakta i Fotballklubben Voss som døydde brått under trening i ein squashhall.

HEIDER OG STIPEND: Sigfred Sivertsen vart tildelt Edvard B. Hegboms Minnefornd sin heiderspris for initativet til, og mangeårig arbeid med, fotballturneringa Voss Cup. Laila Himle (frå venstre), Vilde Katrine Vethe og Karoline Hegbom fekk stipend av minnefondet.
Arne Hofseth