ARNE HOFSETH

Mannen som fekk lyst opp Ulriksmasten, har slått seg på planting i vegskråningar.

Folka til anleggsgartnar Trygve Skjerdal er i full gang med å planta ut hundrevis av plantar i nøye planlagt mønster. Tre helleristningsfigurar, dyr i full firsprang innover mot Flåm, er i ferd med å tre fram på den vårgule hellinga nærast Fretheimstunnelen i Flåm. Etter fire år har Tokvam fått sine løyve.

— I første omgang plantar vi tre piktogram på dette feltet, men her er plass til to-tre til, som vi kan koma attende til seinare, seier Tokvam til Bergens Tidende.

Først skal han planta to jegerar på andre sida av bekkefaret, og nord for desse er det plass til to dyr til, med føtene i vêret.

Sett frå fjorden vil det sjå ut som to veidemenn har felt to dyr, og jaktar vidare på resten av flokken.

Turistar på cruiseskipa vil kunne sjå dramaet utspela seg medan dei sig sakte inn mot kai.

Atle Tokvam bur på Fantoft, men har hytte på Øvre Fretheim, der faren kom frå. Under ein spasertur i Flåm, slo det han at dei store, tomme flatene nærmast bad om å pyntast på. Med løyva i orden, og både banken og utviklingsselskapet som sponsorar, er ideen i ferd med å materialisera seg. Steinmassane frå Lærdalstunnelen har gitt gang-, sykkelveg og svære skråningar langs fjorden frå Flåm og halvvegs ut til Aurlandsvangen.

For vegfarande er skråningane synlege frå E16 like nedanfor Flengjatunnelen, men det er tryggast å ta sidevegen ned til Flåm stasjon og kaien.

PIKTOGRAM I VEGSKRÅNING: Opphavsmann Atle Tokvam (t.v.), anleggsgartnar Trygve Skjerdal (t.h.) og folka hans realiserer planteprosjektet langs Aurlandsfjorden.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH