Netto resultat av aksjonen blei 20.635 kroner som dei har sendt til Norsk Nødhjelp.

I ein Krl-time drøfta klassen fattigdomen i verda, og dette tok «tok heilt av». Dei meinte at dei sjølvsagt ikkje hadde kapasitet til å hjelpa alle, men at dei i alle fall ville gjera sitt til å betra tilhøva for så mange som mogeleg.

— Resultatet er imponerande på fleire måtar. For det første har klassen berre 11 elevar, og kvar av dei har dermed jobba enormt mykje med både planlegging og utføring av aksjonen, og brukt mykje av fritida si på dette. For det andre var bruttoinntekta på over 21.000, og desse midlane var då gjevne av folk i Ålvik, og det er berre vel 600 av oss!, fortel lærar Liv Turid Lofthus.

— Det seier mykje om kor flinke sambygdingane har vore til å støtta og hjelpa klassen i arbeidet deira for å hjelpa andre, legg ho til.

ÅLVIK-ELEVAR: Skulen er fådelt, og elevane i 6. og 7. klasse får undervisning saman. På fritiden har dei samla inn nesten 21.000 kroner til Norsk Nødhjelp.