Gjennom heile studietida har Benjamin Slåttli og Esays Mehari jobba mot målet om å forsyne ein etiopisk landsby med solenergi. Dette målet har dei no nådd.

I april budde dei to studentane nesten tre veker i Becho for å installere solceller og lære opp lokalbefolkninga i bruk av solenergi.

- 130 husstandar fekk solcellepakkar med solceller og ei LED-lanterne driven på solcellestraum. Dermed har omtrent 650 av dei totalt 6000 innbyggjarane i Becho fått lys i heimane sine. Vi har også forsynt skulen og helsestasjonen i landsbyen med straum frå solenergi, fortel Slåttli.

Berekraft

Studentane har lagt stor vekt på at systemet dei byggjer opp skal vere mogleg å halde ved like av dei som brukar det, og at reservedelar er lokalt tilgjengelege til ein overkommeleg pris.

Før sjølve prosjektet gjennomførte studentane ei grundig kartlegging av økonomiske og sosiale tilhøve i Becho. Denne kartlegginga viste at folk i Becho har økonomi til å kjøpe og drive enkle solcelleløysingar, men at dei manglar kunnskap. Dermed vart kunnskapsoverføring viktig.

- Det avgjerande for oss var ikkje berre å levere solcelleløysingar, men også å dele kunnskapen vi har tileigna oss på Høgskulen. Vi lærte opp seks lokale studentar både om teori og praksis kring vedlikehald, feilsøking, reparasjon og drift av solcellene. Trass i at dei berre har grunnskuleutdanning, er dei no godt utrusta til å ta hand om systemet vidare, seier Mehari.

Straum og helse

Solcelleprosjektet handlar ikkje berre om lys, men om betre helse, utdanning og utvikling.

Fram til no har dei brukt parafinlamper i Becho. Slike lamper utgjer ei stor brannfare. I tillegg åtvarar Verdas helseorganisasjon mot parafinlamper fordi dei kan føre til akutte eller kroniske irritasjonar av luftvegar, hud og auge, samt gjere skade på sentralnervesystemet.

Solenergien fjernar denne helserisikoen, og ein opplyst helsestasjon var noko av det som vekte størst glede i landsbyen.

- Før var det ikkje straum på helsestasjonen i det heile teke. Helsesøstera måtte gå i to timar for å hente medisinar. No har vi installert eit kjøleskap der dei kan oppbevare viktige medisinar i rett temperatur, dermed får helsesøstera mykje meir tid til å gjere jobben sin i landsbyen, seier Esays Mehari.

Utdanning og utvikling

I Becho kan ikkje alle vaksne lese og skrive. Straum er avgjerande for at dei vaksne som nyttar dagslyset til jordbruk kan delta i vaksenopplæring på kveldstid. Eit opplyst skulebygg betyr nye moglegheiter for dei som har få tilgjengelege alternativ.

Kva følgjer prosjektet får vil først vise seg om fem år. Då skal studentane attende for å sjå korleis det har gått.

Pionerprosjekt

Slåttli og Mehari er ikkje dei første studentane frå HiB som gjennomfører utviklingsprosjekt. Likevel er prosjektet deira banebrytande ved institutt for mekaniske og marine fag. Instituttleiar Nils Otto Antonsen håpar dette prosjektet vil vere til inspirasjon for andre.

- Vi ønskjer å oppmode våre studentar til å rette blikket ut forbi Norges grenser. Mange stader er dårleg tilgang på energi eit stort problem. Tilgang på billeg og fornybar energi er ein føresetnad for berekraftig utvikling, seier instituttleiar Nils Otto Antonsen.

Kart Etiopia Afrika.pdf
UTVIKLING: Innbyggjarar i Becho viser fram noko av utstyret dei har fått gjennom Bjørnar Slåttli og Esays Mehari (framme) sitt bachelorprosjekt.
Privat