OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Den tidlegare statsråden og stortingsrepresentanten frå Bergen er styreleiar for omstillingsorganisasjonen SNU AS (Samspelforum for næringsutvikling), etablert for fire år sidan for å skapa nye jobbar i Stord, Fitjar og Sveio i kjølvatnet av nedbemanninga i offshoreindustrien.

På fire år er det investert 44 millionar kroner, fordelt på stat, fylke og kommunar, i over 300 prosjekt innan forretningsutvikling av etablert næringsliv, informasjonsteknologi, nyetablering og havbruk. Det har ifølgje selskapet resultert i 360 nye jobbar og trygging av 430 arbeidsplassar.

960 nye

Målet er i alt 960 nye jobbar i løpet av prosjektperioden som går ut med år 2006.

— Det målet har me enno, trass i at total investeringsramme ser ut til å bli berre 66 og ikkje 96 millionar kroner som planlagt, seier Jørn Olav Myhre, som har rykkt opp som dagleg leiar i SNU etter at Harald Onarheim nyleg valde å slutta.

— Regionen har eit tungt og dels einsidig industrimiljø. Men det har i tillegg eit breitt maritimt gründermiljø. Dette har gitt positive resultat, seier Grete Knudsen.

— Det å ha ein systematisk forretningsplan er viktig. Mange er litt for entusiastiske, og har for lite fokus på det bedrifta skal leva av. Fokus er like viktig som tilskot, meiner ho.

Berga torsken

Skjel- og fiskeoppdrett har vore satseområde for SNU. Nyleg har det lukkast å hindra torskekonsesjonane til konkursramma Sunnhordland Sjøgard å rømma ut av regionen. Selskapet Sagafjord frå Bømlo/Stord ligg er klar til å overta.

— Som eit aksjeselskap med eit aktivt styre var det råd å snu seg fort rundt, og me nådde fram til slutt, seier Grete Knudsen.

Jørn Olav Myhre ser ikkje noko gale i at etablerte storbedrifter som Leirvik MT og utskilte selskap frå Aker Kværner har fått støtte frå SNU.

— Alternativet hadde kanskje vore oppkjøp for å flytta aktivitetar bort frå Stord, meiner Myhre.

I tida som kjem lovar Grete Knudsen at SNU skal engasjera seg sterkare i energisektoren. Ho tenkjer på vindkraft og naturgass, høgaktuelle energikjelder i Sunnhordland.

— I Sunnhordland kan ein forresten ikkje berre leva av tradisjonelle arbeidsplassar. Også kulturen må trekkjast sterkare inn, seier Knudsen.