Det som starta som ein fleip på skulen for 16 år sidan, enda altså opp som ei av mange originale private samlingar som vart utstilt ved Sogn folkemuseum i går.

Besøkande ved museet kunne få med seg samlingar av alt frå «normale» objekt som frimerker, myntar og gamle postkort til meir originale ting som 70-tals langrennski, Ivar Aasen-suvenirar og feilskrivingar av eit vanskeleg namn.

Sykkelgummi

Og altså kondomar.

— Den første fekk eg av ein skulekamerat. Den festa eg på sykkelen min, fortel Bodhild Therese Cirotzki, i dag tobarnsmor og førskulelærar.

I går låg dette første eksemplaret i glasmonteren på museet, saman med ei lang rekke andre preventiv av høgst ulik form, farge og smak.

Som for eksempel merket Enormex, ein gummi for dei abnormt velutstyrte. Eller det kamuflasjefarga kondomet, merka «Don't let them see you're coming» og ei mengd andre variantar, seriøse så vel som tullete.

På sjølve samlardagen kom folk med nye supplement til samlinga hennar, blant anna ei herretruse med eiga kondomlomme for kvar vekedag.

Namnefeil og Ivar Aasen

Like sær er samlinga av feilskrivingar av namnet Hilde Flotve Mo. Ved sitt bord har ho lista over dei 71 variantane ho så langt har registrert.

Eksempelvis Hilde Floke Moe, Hilde Flotte Mo, Hilde Slotvemo eller kort og godt Dolve Mo.

Like ved henne sit ein kar som samlar på ting med Ivar Aasen-motiv. Ein annan stad står gamle glasfiberski. Ein beskjegga kar frå Lærdal har nesten komplett serie av «Hvem Hva Hvor» sidan 1936.

Elles knivar, kosedyr, Bob Dylan-effektar, kokebøker, nøkkelringar og flaskeopnarar og teposar. Og mykje meir.

— Det er så mange samlarar rundt om, og det er veldig moro å gje dei eit forum der dei kan vise fram tinga sine, seier Aage Engesæter ved Sogn Folkemuseum.

I samlinga av Ivar Aasen-gjenstandar står også eit visdomsord for ivrige samlarar:

Ein skal vere glad, um ein ikkje får alt ein ønskjer .

KONDOM MED EIT SMIL: 31-årige Bodhild Therese Cirotzki har variantar i si samling som du neppe har vore ute for. Nær 30 personar viste fram sine samlingar av både eitt og hitt på samlardagen ved Sogn Folkemuseum i går.<br/>Foto: ØYSTEIN TORHEIM