— Vi sel deg mest i buntar. Folk brukar dei på graver og som bukettar. Men dei gjer seg godt i dekorasjonar, seier Camilla Mongstad. Ho veit ikkje kvar hennar kristtorn kjem frå. Truleg har dei vakre grøne bukettane med raude bær vakse opp i Sunnhordland. Der er kristtornproduksjon god butikk før jul.

Vakkert forsvar

— Veit du korleis du får fin kristtorn? Spørsmålet kjem frå ei tilsett ved Podlen verkstad på Stord.

— Nei?

— Jo meir du tar på han, jo meir krøllar blada seg, kjem svaret kjapt og greitt tilbake.

Odd Stuve Rommetveit, dagleg leiar i verkstaden for yrkeshemma, nikkar stadfestande. Det er visst ikkje tull heller.

— Kristtorn svarar på skader ved å laga meir tornete blad. Det er som eit forsvarsvåpen, seier Arnfinn Skogen, professor i botanisk økologi ved Universitetet i Bergen.

Femme fatale på Høyland

I hagen til Lars Solhaug på Høyland står beviset. Eit seks meter høgt prakteksemplar av eit kristtorntre.

Det er tydeleg eit hotre. Ho står og flottar seg med knallraude perlekjede overalt. Innimellom er blada likevel fulle av taggar. Ho er litt femme fatale.

— Dette er topp kvalitet - øvste sjikt definitivt, seier Odd Stuve Rommetveit granskande.

Med klippesaks og stige går han til åtak. Treet er overdådig. Det er berre to år sidan han styva det sist. No er det berre blitt endå flottare - og meir tornete.

På bakken syt Audhild Eidet og Laila Absalonsen for at dei perlepryda greinene kjem på plass på ein presenning.

— Det er lurt å ha hanskar på seg. Elles kan du stikka deg, seier Audhild Eidet.

Laber julestemning

Regnet pøsar ned og vinden får vengene på ei vindmålar-and til å flaksa frenetisk. Kristtornekspedisjonen er godt utrusta i varme kjeledressar og regnkle.

— Det er flott å koma seg ut i frisk luft, men me får ikkje akkurat julestemning i dette været, ler Laila Absalonsen.

Kristtornproduksjonen til Podlen verkstad sysselset seks-sju personar i ein hektisk månad før jul. 20. desember er det bomstopp. Ingen kjøper kristtorn i romjula.

Råmaterialet kjøper Podlen verkstad frå hageeigarar på Stord.

— Fleire ringjer til oss og ber oss komma og klippa kristtorn i hagane deira. Det ser me på som ei stor tillitserklæring, seier Odd Stuve Rommetveit.

I år skal dei produsera 1500 bukettar.

— Men vi har eit kappløp med trast og andre fuglar som skal eta seg god og mett før jul, ler Rommetveit.

Kappløp med tida har dei óg elles i Sunnhordland. Det er her i søraustvendte, kalkrike lier - i mildt klima nær sjøen - at julepynten veks og faktisk spreier seg utover.

Mindre beiting og mildare klima kan vera årsaka. For mange bønder er det framleis ei kjærkomen attåtnæring, slik det var i gamle dagar, då berre dei kondisjonerte familiane i Bergen hadde råd til å pynta med kristtorn til jul.

Lita binæring

På Borgundøy i Kvinnherad har tre gode naboar gått saman i eit produksjonslag. 6000 bukettar skal bli laga før jul.

— Kristtorn har lang tradisjon og er ein ressurs me vil ta vare på. Det blir ei lita binæring i eit elles usikkert landbruk, fortel Solveig Lindås på Borgundøy.

Litt lenger nord, på Onarheim på Tysnes, fører Ole Langeland kristtorntradisjonen vidare.

— Det er ikkje så mange som driv med kristtorn på Tysnes lenger. Eg ønskjer å utnytta heile gardsbruket maksimalt. Alle monner dreg, seier gardbrukaren som tar sikte på å produsera eit par tusen bukettar før jul - dersom han får tid.

Produsentane i Sunnhordland har organisert seg i et produksjonslag som i fellesskap sender bukettane med transport frå Stord til ein stor blomstergrossist i Oslo. På den måten kjem kristtorn frå Sunnhordland utover heile landet.

På Høyland har Odd Stuve Rommetveit og medhjelparane hans arbeidd seg heile vegen rundt kristtorntreet. Ein stor haug med greiner ligg på bakken, men det synest ikkje att på treet. Odd Stuve Rommetveit er imponert.

— Her kan me berre klippa. Det er nett som Sareptas krukke. Utømeleg.

Og til neste år er treet om mogeleg endå flottare.

KRISTTORNKUNST: - Enkelt, meiner Camilla Mongstad i Blomsterpaviljongen ved Bergen Storsenter. Ho kan å lage dekorasjonar av kristtorn. <br/>Foto: RUNE SÆVIG