— Sjølv til aktuelle tema er det mykje vanskelegare enn før å samle vaksne. Stadig vert vi utfordra vi til å tenkje nytt, seier Olav J. Skeie, dagleg leiar av Folkeakademiet Hordaland.

Med nærare eit tusen program i året er folkeakademia ein av dei største formidlarane av kultur i fylket. Vil nokon vite meir om bergensarane, vestnorsk identitet eller tekstiler, har Folkeakademiet i Hordaland foredragshaldarar som Jan Reidar Rasmussen, Narve Bjørgo og Lise Finne.

Lokale krefter

115 ulike programtilbod med foredrag innan kultur, natur, oppvekst, sang, musikk og vårt fleirkulturelle samfunn har Folkeakademiet Hordaland å tilby. I tillegg arrangerer det, eller hjelper andre med å arrangere ei rad konferansar og kurs.

— Før tilrettela vi opplegget når kjende personar frå Austlandet reiste rundt med reiseskildringar og ljosbilete. Den tida er forbi. I dag bruker vi lokale krefter og samarbeider med fleire organisasjonar, fortel Olav J. Skeie.

Få har ei innsikt som han i alt som har med folkeopplysning på Vestlandet å gjere. I meir enn 30 år har han vore engasjert, først som lokallagsleiar i Kvam og medlem av fylkesstyret, dei siste 24 åra som dagleg leiar i Folkeakademiet Hordaland.

Han opplyser at arbeidet går ut på å gje eit variert kulturtilbod slik at den enkelte kan delta i meiningsfylte kulturaktivitetar. Dette aukar livskvaliteten. For Folkeakademiet er det viktig å no også dei som ikkje så lett når i dei vanlege kulturtilboda, altså dei som er på institusjonar.

Skeie er sjølv ein aktiv brukar av kulturtilbodet. Ofte reiser han til Bergen.

— Grieghallen er framleis det største kulturhuset for Kvam. Alltid treff eg andre frå kommunen på konsertane der, seier Olav J. Skeie.

Vanskelegare enn før

Folkeakademiet har vore med på å få i gang mange senioruniversitet i fylket. I tillegg samarbeider det med kommunane om idear til den kulturelle spaserstokken.

— Dei eldre, også dei som bur på institusjonane, er viktige for oss. I kommunane Kvinnherad, Fusa, Jondal og Odda har vi nyleg hatt ein turné for en songar og to musikarar på fløyte og piano. Dei vart særs godt mottekne, seier Olav J. Skeie og opplyser at Folkeakademiet sponsa reiseutgiftene.

Det er vanskelegare enn før å drive lags- og organisasjonsarbeid. Hordaland Folkeakademi har sett det som ein utfordring å kursa laga i nye metodar å arbeide på. Eit eiget kurs for kasserar er utvikla. Det er og skapt kurs for å hjelpe tillitsvalde å seie si meining og tro på seg sjølv.

— I framtida trur eg det er naudsynt å gje dei som tek styreverv noko att. Eg tenkjer ikkje på økonomisk kompensasjon, men på noko som gjer livet rikare. Kanskje bør vi også forenkle og slå saman lag i bygdene til felles lag for kommunen med bygdekontaktar, seier Skeie. Han har og tru på større samarbeid mellom kommunane.

NYTENKING: Olav J. Skeie meiner at dei som i framtida tek styreverv må kjenne at dei får noko att, at livet vert rikare.
Sunde, Helge