No aktar han å gjere modellflyginga til arbeid og inntekt.

Utgangspunktet er eit stort, fjernstyrt modellhelikopter. Reed håpar å utvikle det til ein ny dimensjon innan flyfotografi og film.

Annleis flyfoto

Nordfjordingen Per Svein Reed (56) har i årevis drive som presse— og portrettfotograf.

– I tillegg har eg i over 20 år drive med flyfoto. Eg har vore på jakt etter noko som kan supplere den tradisjonelle fotograferinga frå fly eller helikopter, noko som er meir fleksibelt og som ein kan bruke til å gå tettare på motivet, seier han.

Og han meiner å ha funne svaret. Modellhelikopteret er sånn cirka vanleg hyllevare; ei naken maskin med 47 kubikks motor og nærare to meters rotorspenn.

Poenget med det heile heng fastmontert under flygemaskina. Inne i den kuleforma tingesten er det plass til eit stillbilete- og videokamera. Kula er motorstyrt, og kan dreie i alle vinklar horisontalt og vertikalt medan helikopteret er i lufta. Alt fjernstyrt frå bakken.

– To personar krevst for å operere dette. Ein som styrer helikopteret, og ein fotograf som styrer kamera. Begge deler fjernstyrt frå bakken, med søkjarbiletet på ein monitor, seier Per Svein Reed.

Gøy for gutungar

Ifølgje Reed er det mennesket som set grensene. Å manøvrere helikopteret nøyaktig og stabilt er ein kunst i seg sjølv. Fjernstyringa fungerer over fleire kilometer, problemet er at navigatøren helst også skal kunne følgje med visuelt.

– Difor har eg alliert meg med Ola Apalseth, som har styrt med modellflyging heile livet og er droneflygar frå militæret. Han er pilot, eg er fotograf.

Får Reed dette til å fungere, er planen å administrere eit lite nettverk av kamerahelikopter over eit større geografisk område.