Dei var visst ikkje heilt fornøgd med hårklippen hennar.

Men kva hadde Miljeteig vore utan den karakteristiske kopparraude hårmanken. Manken har gjort sitt til at Miljeteig mellom kameratar i fagrørsla går fått tilnamnet: Løvinna i Folkets Hus.

DET ER NOK IKKJE BERRE FRISYRA som har fått både politiske vener og motstandarar til å assosiera henne med ei løve. Miljeteig høyrer til mellom dei som alltid er i aksjon mot urettferd. Gjeld det ikkje målsak eller kvinnesak, så er det fredssak eller asylsak. I hennar handveske er flygeblad like obligatorisk som leppestift, nøklar og lommebok. Miljeteig brenn alltid for ei hjartesak. Og det er ikkje hennar stil å sitja stille i ein krok å gremma seg. Ho ropar og brølar meir enn gjerne for det ho trur på.

Oddny Miljeteig trivst framom store folkemengder med megafon i handa medan ho oppildnar tilhøyrarane med engasjerte og brennande appellar. Sjølv seier ho at ho ikkje har tal på appellane ho har halde ved Den Blå Steinen.

MILJETEIG KLATRA RETT FRÅ VARAMANNSPLASS i bystyret til fyrsteplassen på SV-lista. Men ho er likevel ikkje ukjend i dei kommunale korridorane. Som lønna tillitsvald for sosionomane, vernepleiarane og barnevernsarbeidaren i byen har ho i mange år vore med å forhandla om lønn for dei kommunalt tilsette.

Frå hausten vil plassen hennar måtte bli på arbeidsgjevarsida.

– Det kan verta ei spanande utfordring både for meg og fagrørsla, sa ho til BT tidlegare i sommar. Miljeteig er glad i fagforeiningsmakt. Men både ho og partifellene vegrar seg for makta dei kan oppnå i Rådhuset. Får Bergen SV makt til gjennomføra kommunevalprogrammet vert epoken med byregjering kort i vestlandshovudstaden. I Miljeteigs parti vil dei gjerne ha makt til å gjennomføra dyre programpostar. Men dei vegrar seg for posisjonane.

SV ER I MOT BYPARLAMENTARISME og vil ha attende formannskapet. I Bergen SV har det til no heller ikkje vore god tone å snakka alvor om kva partiet vil tena på å få ein ordførar mellom medlemmene.

Men tanken på å koma i posisjon har modna så vel hjå Miljeteig som i partiet i månadene som er gått etter at kommunevallista vart set saman.

Bodskapen frå partileiar Kristin Halvorsen er dessutan klar: Tida då SV kunne nøya seg med å vera eit protestparti er over. Og skulle valet stå mellom Oddny Miljeteig og Hermann Friele, er Miljeteig klar til å få lagt kjedet om halsen. I Arbeidarpartiet veit ikkje om dei skal grua eller gleda seg til om dei må gå inn i politiske kompromiss med Miljeteig og hennar partifellar.

I LO og Folkets Hus har Miljeteig skaffa seg røynsle i å riva kjeft med sosialdemokratar som lever av å vera store i kjeften. Den tid er for lengst forbi då dei i sitt stille sinn kunne avfeia Miljeteig med at ho for med kvinnfolkprat.

MENNENE I FAGRØRSLA er imponerte over engasjementet hennar og dei beundrar hennar emne til å halda fast ved sakene.

SV-toppen er født og oppvaksen i Åkrafjorden og lever mentalt og med ein fot i byen og ein fot på landet. Sjølv om ho flytte heimanfrå alt då ho var 13 år, er det aldri nokon som har høyrt Miljeteig knota ei einaste setning på bymål.

Og ho påstår at det framleis er i den veglause grenda Eikemo at sjela hennar bur. Inge kan veksa opp i ei veglaus grend utan å verta prega av det. Oddny Miljeteig skjøna tidleg at ho måtte ein annan stad om ho skulle kunne påverka dei med makt i samfunnet.

Men bergensarane treng ikkje frykta for at ho vil snikinnføre nynorsk i dei kommunale sakspapira. Ho forsikrar om ikkje har noko problem med å skriva bokmål heilt utan a-endingar og utan hokjønn slik det sømer seg ein folkevald i Bergen.

BT har gjort kjent at Miljeteig lever opp til partiets samferdsleprogram. Ho er trufast til Gaia fordi ho ikkje har førarkort. Men færre veit at Miljeteig ikkje eingong har sykkel. Men den står øvst på ønskelista til 50-årsdagen. Det er neste år.

SIDEBYTTE: Oddny Miljeteig har vore løna tillitsvald i ei årrekkje. No hamnar ho på arbeidsgjeversida. <br/>FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN