OVE ARNE OLDERKJÆR

Det er julisol over Sunnhordland. Men til og med den røslege skipperen vår må dukka ned under presenningen idet nordavinden blir for kald på Klosterfjorden.

Når Borgundnuten har vakse seg stor og me tek fatt på Fjelbergsundet, så er det opp å stå igjen for alle mann. Innseglinga til naboøyane Fjelbergøy og Borgundøy må nytast med opne sansar og andlet. Så mildt, så vakkert!

Kaffi på dekk

På kaiutstikkaren ved Fjelberg landhandel er det roleg føremiddagsstemning. I den ytste av dei seks båtane sit Ann Iren og Edmund Mæland og nyt stilla og aktivitetane ved Sjøstova.

Bømlo-paret inviterer oss straks om bord på 31-fotaren «Kama» sitt akterdekk, sekundar etter er gjestekrus og termos på bordet.

— I går var det pubkveld på Sjøstova, men alt gjekk stille føre seg i hamna. Båtfolk er trivelege og greie menneske som viser omsyn, seier paret frå Finnås, som også har gjesta Fjelberg tidlegare.

— Her kjem me gjerne igjen, her har dei det meste, meiner Edmund Mæland.

Rett i og frå havet

Så får fotografen det travelt, for like bortanfor gjer to jenter om bord i Colin Archer-seglaren «Fant» seg klare til å hoppa i sjøen. Faktisk aldri så lite oppsiktsvekkjande i ein sommarsesong som så langt ikkje har invitert til utomhus badeliv.

— Va'kje så gale, seier søstrene Elisabeth (16) og Bergithe Oftedal (25) med veikt bevrande underkjeve idet dei dukkar opp att og raskt tek seg via roret og om bord att i skuta.

— En fin havn å ligge i, er skipper Jørn Oftedals kommentar før han gjer seg klar til bunkring.

— For to år siden var vi her og fikk kjøpe nykokte reker midt på natten fra en båt som kom direkte fra fiske. Det glemmer vi aldri, seier fru Astrid.

Mor og far, Elisabeth, Bergithe, Vebjørn (8) og skipshunden Emma er innom på veg til slekt i Sauda. Ei dotter er igjen i Bergen på sommarjobb. Emma er den som set premissar for den vidare ferda, for ho likar ikkje sjøgang.

Sølvi på kaien

På butikken skryt Sølvi Fosse av alle båtgjestene sine. Mange kjem att sommar etter sommar, blant dei ekteparet Ingrid (71) og Erik Mack (84) frå Bergen som har fortøydd på Fjelberg kvart einaste år sidan Sølvi og Nils Arne Fosse overtok butikken her i 1975.

— Vi liker kombinasjonen båt og det å gå tur på land. Utallige ganger har vi vært på Borgundnuten. Vi må bare tilbake til Fjelberg, ikke minst fordi vi blir så godt mottatt. Vi har rett og slett knyttet et godt vennskap med Sølvi og Nils Arne, seier Erik Mack på telefon frå sitt neste strandhogg i Kvinnherad, Uskedalen.

— Hadde det ikkje vore for båtturistane, så hadde me ikkje satsa på denne butikken, seier fjelbergfødde Sølvi Fosse. Som fortel at båtgjestene kjem frå heile Hordaland og Rogaland, og Sogn med.

Det var ektemannen frå Tysnes som mest ivra for å kjøpa butikken som var til sals ved Borgundøy ferjekai. Aukande båttrafikk gjorde at dei stadig kunne utvida, den første flytebryggja blei kjøpt alt i 1977.

Knutepunkt

Landhandelen har samanhengjande historie tilbake til 1848. Men Fjelberg var eit livleg handels- og kyrkjeknutepunkt i mange hundre år før det.

Gamlekyrkja på Fjelbergøy kan ha vore bygt alt mellom 1150 og 1350. Prestegarden er nemnt første gong i skrifter frå 1519, bispestova skal vera reist kring 1730.

Fjelberg-namnet kjem av gammalnorske fjòlbyrjan som tyder god bør (seglevind) frå fleire retningar.

Inntil 1917 høyrte også Ølen med Bjoa til Fjelberg herad, som frå då av og fram til 1963 omfatta Borgundøy, Fjelbergøy, Halsnøy og Kvinnherads fastland frå Husnes til Utåker.

BÅTMILJØ: Ann Iren og Edmund Mæland slappar av på dekk og skryt av sine kjende og ukjende medseglande.<p/>FOTO: KNUT STRAND
«FANT»E-LIV: Båtferie er topp, meiner søskna Vebjørn (8), Elisabeth (16) og Bergithe Oftedal (25) om bord i bergensskuta «Fant» på Fjelberg.<p/>FOTO: KNUT STRAND
HOPP I HAVET: Søstrene Bergithe og Elisabeth Oftedal på bergensskuta «Fant» brukte båthamna på Fjelberg som badebasseng, trass fattige 13-14 grader i sjøen.<p/>FOTO: KNUT STRAND
TØRRHOPPING: Søskna Ådne (6) og Ingrid Øvrebø (8) må alltid oppå trampolinen når dei er innom butikken og båthamna på Borgundøy.<p/>FOTO: KNUT STRAND