— Hææ, hææ, ein naken sau.

— Stakkar, han frys.

Tett i tett står elevane i fjøsen til Tove Klepsvik og ser på saueklippar Gunnar Bouwer Knudsen. Kjapt tek han tak i framføtene til sauen og held han i eit fast grep. På eit knapt minutt er all den tjukke ulla barbert av, og sauen blir skjelvande og litt forvirra sleppt inn i stekkjen til dei andre nakendyra.

— Sjå her, no må de hjelpe meg, seier bonden og tek fram fleire tomme fôrsekker.

Elevane legg den skitne ulla i nokre sekker. Den reine ulla blir lagt for seg sjølv, den skal dei nemleg karde og tove etterpå. I den gode og varme gamlestova på garden sit Gerd Bleikli, nabo og innleigd ekspert, klar og skal lære elevane å karde ulla. Seinare får dei lage fine, tova gryteklutar.

- Lurer inn kunnskap

Sjølv om ungane bur på bondelandet på Osterøy, er dei færraste frå gard.

— Dei fleste deltek ikkje i gardsdrifta, og veit difor lite om slikt arbeid, seier Tove Klepsvik, og tenkjer på alt ungane går glipp av.

Hos ho får dei vere med på syklusen frå jord til bord. Sidan i vår har elevane kome på besøk kvar fjerde veke. Dei har vore med og sådd og hausta grønsaker. Dei har skrelt poteter, gulrøter og laga grønsaksuppe.

Dei har lært om rein mat og om gjødsling. Og dei har vore med i slåtten og fått inn høyet. I dag skal elevane rekne ut kor mange sauer Tove Klepsvik kan ha på garden ut frå den fôrmengda som ligg på løa.

— Ungane er utruleg interesserte og lærevillige, seier Klepsvik, som synst det er kjekt å få besøk av ein ivrig gjeng ungar med jamne mellomrom.

I løpet av dagen får dei med seg kunnskap om gardsdrift som høyrer heime både i matte- og historietimane og i natur og miljø.

- Ikkje «kosedag»

— Ein gard kan vere ein ypparleg læringsarena, seier fylkesagronom Toril M. Mulen.

Ho er ansvarleg for prosjektet Grønt i skulen, der 17 skular i Hordaland er med. Fylket har om lag 3700 bønder og mykje bondeland, og målet er at elevane skal bli bevisst på kva matproduksjon og utvikling av kulturlandskap som skjer på bygdene.

Ungane skal inn på garden for å lære, ikkje berre for å få ein annleis dag på skulen. Kunnskapen og produkta frå garden tek dei med seg tilbake til skulen der alt blir vidareforedla.

— Dette skal ikkje vere berre kosedagar. Elevane skal få meistring og motivasjon gjennom praktisk arbeid, og lærar og bonde legg saman inn fag i gardsopphaldet, seier Mulen.

- Dette er ikke æsj

Dei fleste av dei 18 sauene i fjøsen er blitt snauklipte. Jentene er dei ivrigaste til å legge ull i sekkene, medan mange av gutane synest det er kjekkare å sjå på saueklipparen og telle kor mange sekund han bruker på kvart dyr.

— Æsj, seier ei, som gløymde å ta på hanskar før ho tok i den skitne og nett avklipte ulla.

— Dette er ikkje æsj. Det er lanolin, forklarar Tove Klepsvik og gnikkar ull mot eine handa.

— Det er godt for huda. Folk betalar masse pengar for kremar med lanolin i.

I fjøsen står no fulle sekker med brun og kvit ull på rekke og rad. No etter jobbinga står eitt av høgdepunkta for tur.

Ungane får av seg ytterjakker og skor og klyv opp på høyloftet. Der hoppar, hyler og herjar dei til dei er varme og raude og har høy alle stader.

No ventar matpakken ute på tunet før skuledagen er over. I morgon skal dei sitje bak pultane igjen.

Ørjan Deisz
Ørjan Deisz