Han og dottera Sunniva Garnes Skagen (14) er på ferie på hytta i Vik saman med fjorten andre familiemedlemmer. Far til Arve er frå Vik, og barndomsheimen hans er no sommarhus for heile familien.

— Når me er på hytta, pleier me å bada, spela fotball, stå på vasski og fiska, fortel Sunniva.

Ho og familien er i Vik to veker kvar sommar.

— Me er her stort sett også minst éin gong om hausten, me har stor frukthage ved hytta. Men me burde ha vore her mykje meir, slår Skagen fast.

Det einaste dei manglar i Vik er sol. Men vasski blir det uansett vêr.

I VIK PÅ FERIE: Sunniva Garnes Skagen (14) og pappa Arve Skagen er på ferie i Vik, og var innom «Granvin» då båten låg til kai i fruktbygda i går. FOTO: BORGHILD BERGE