Eitt sentralt spørsmål for Sunnfjord tingrett blir kven som var den mest aktive då det verjelause offeret vart helseslått i eit husvære i Florø ei sein augustnatt i fjor.

Aktor, politiadvokat Bjørn Larsen, hevda i retten at dei to tiltalte med tilknyting til mc-klubben Hammer i Florø stod bak størstedelen av valdsbruken.

Store skader

Fem menn i alderen 22-32 år sit på tiltalebenken i saka som starta for Sunnfjord tingrett i går. Den eine er tiltalt for å ha vore sjåfør for dei fire andre, som er tiltalt for grov vald.

Det var ved 04-tida natt til søndag 25. august i fjor at 32-åringen og tre andre gjekk inn i heimen til eit sovande par og banka opp mannen grovt.

Sambuaren flykta straks ho vakna med dei aggressive mennene i rommet. Mannen hennar, som er av utanlandsk opphav, vart deretter vekkt og banka opp.

Ifølgje tiltalen vart han gjennom slag og spark i ansiktet påført alvorlege skader, brot i biholene med påfølgjande blødingar og luftlekkasjar, redusert evne til å gape og to solide blåveisar. Mannen vart innlagt to døgn på sjukehus.

I retten erkjente berre ein av dei fem straffeskuld, nemleg bror til kvinna som offeret skal ha angripe tidlegare på kvelden. Han er prøvemedlem i mc-klubben, og dessutan tiltalt for å ha drapstruga offerets sambuar.

32-åringen som politiet meiner stod bak storparten av valden, er fast medlem av mc-klubben og nektar all straffeskuld. Han blir forsvart av advokat Bjørn Meltzer.

Mange forklaringar

Det heile starta då offeret skal ha vore brutal mot søstra til ein av dei tiltalte tidlegare på kvelden. Da han oppsøkte Hammer MC og møtte 32-åringen i døra same natt fortalde han om om dette. 32-åringen ringde då ein kjenning som kjørte drosje, og fire mann var med drosjen dit mannen sov. Målet var kun å snakke mannen til rette, ifølgje dei tiltalte.

Døra stod open då dei kom fram, og inne i stova låg paret på kvar sin sofa og sov.

Kven som deretter gjorde kva er fleire versjonar av, då dei tiltalte har hatt ulike forklaringar både i diverse politiavhøyr og i gårsdagens forhandlingar i retten.

Det som i alle tilfelle er klart, er at alle fire var inne i stova og at offeret vart etterlatt med store skader i ansiktet. Etterpå, i bilen på veg tilbake til Mc-klubbhuset, vart alle inkludert sjåføren samde om å nekte eikvar tilknyting med saka, dersom det vart etterforsking.

Og allereie neste dag vart dei kontakta av politiet, og nekta først eitkvart kjennskap til saka. Eit par dagar seinare vart alle varetektsfengsla, og i denne perioden starta enkelte å forklare seg annleis.

Frykta represalier

Ein av dei tiltalte har i si politiforklaring sagt rett ut at det var 32-åringen som skamslo offeret, men var i retten svært usikker på om dette var tilfellet likevel. Han forklarte at han var svært rusa, og dessutan hadde han dårleg syn.

— Det stemmer at det såg ut som om det var NN (32-åringen) som slo. Men når andre seier det var ein annan, så kan eg jo ikkje vere brennsikker, sa den medtiltalte, som skal ha hatt den mest passive rolla.

I politiavhøyr har han dessutan sagt at det var 32-åringen som var den mest aggressive under kjøreturen, men også dette gjekk han tilbake på i retten.

— I politiavhøyr har du sagt at du ikkje ville angi nokon på grunn av frykt for represalier. Er du det enno, spurte aktor Bjørn Larsen.

— Nei. Eg meinte berre at dei andre ikkje ville bli blide på meg, ikkje at dei ville drepe eller banke meg, svara han, og stadfesta at han hadde prøvd å stagge mannen som slo ved å gripe han i armen.

— Du tok han i armen, men er likevel usikker på kven det var, konstaterte aktor.

Sunnfjord tingrett har sett av fire dagar til saka, som held fram med offerets forklaring i dag.