Skipsmeklarfirmaet R G Hagland i Haugesund har oppgåva med å selja skipet.

Meklar Bjørn Inge Kyvik opplyser til Bergens Tidende at fleire av interessentane vil kjøpa det 33 år gamle fartøyet for hogging.

Andre vil byggja det opp att som ferje, minicruiseskip eller hotellskip. Boda så langt har vore altfor låge til at sal er aktuelt. Westcon-verftet i Ølen hadde eit krav på 12,5 millionar kroner mot den tidlegare eigaren før tvangssalet blei vedteke.

"Mayan Empress" gjekk ei tid i rute i Nordsjøen og Kattegat under namnet "Sir Winston Churchill".