Inspeksjonen ved kjøkkenet på Nordfjord sjukehus i mars i år resulterte i tre pålegg frå Mattilsynet, og rapporten konkluderer med at regelbrota i alle tre tilfella blir vurdert som alvorlege.

To av regelbrota går på manglande internopplæring og skriftleg dokumentasjon, den tredje gjeld kritikkverdige forhold inne på kjølerommet der maten til pasientane blir lagra. Her fann Mattilsynets inspektør at malinga flassa av innsida på dørene, og han peikar på at det er påkravd å halde vegg— og dørflater i god stand slik at dei er lette å reingjere og desinfisere når dette er påkravd.

Til bt.no opplyser kjøkkensjef Ole Martin Davidsen at dei tek Mattilsynets pålegg til etterretning, og dei vil følgje opp og utbetre manglane innan fristen 16. juni.

— Sjukehuspasientar er ei sårbar kundegruppe, så slike pålegg frå Mattilsynet ønskjer vi å følgje opp og utbetre, seier Davidsen.

— Sjukehuset sin tekniske avdeling er i gang med arbeidet i kjølerommet. Når det gjeld dokumentasjon og opplæring, så er vi i gang med eit opplegg i samarbeid med selskapet Anticimex, som har spesialkompetanse på slike prosedyrer.

Sjukehuset på Eid får det meste av dei varmmaten levert eit par gonger i veka frå sentralkjøkken i Førde. Måltida blir deretter lagra i kjølerom og ferdiggjort lokalt. No lovar Davidsen alle pasientar ved Nordfjord sjukehus at kjøkkenet og dei tilsette sine prosedyrer vil vere i tråd med Mattilsynets standard innan fristen i juni.