Årsaka til den lange fergekøa var at ein av dei to ferjene som går over strekninga vart innstilt grunna motortrøbbel. Slik vart det frå før 14-tida til klokka 20.30 fredag kveld.

Dette førte til at folk måtte vente i opptil fire timar, blant anna Steffen Haugnes som kom køyrande frå Førde.

— Bortkasta

— Eg sto der i tre og ein halv time. Det var jo dritkjedeleg. Fullstendig bortkasta tid, seier han til BT.

— Kva gjorde du så lenge?

— Nei, eg Spelte musikk og såg på folk. Heldigvis hadde eg med meg ein andrepilot, så eg hadde noko å slå i hjel tida med.

Som om ikkje tre og ein halv time var nok, så skal Haugsnes tilbake samme veg natt til lørdag. Då fryktar han enno meir venting.

— No er eg på veg til Nesbyen og skal tilbake i natt, så då må eg stå på andre sida å vente. Det var lang kø på andre sida no, fortel han.

Køane var verst på Manhella-sida, der politiet møtte opp for å sørgje for at bilane ikkje sto i kø inne i tunnelen, som går heilt ut til oppstillingsplassane til ferja.

Verste tidspunktet

Til NRK Sogn og Fjordane fortel Driftssjef Terje Stub hos Fjord1, at ferja har fått problem med motoren.

— Det er klart at dette er veldig synd og beklageleg at det skjer. Og det skjer på verste tidspunkt, på ein fredag i fellesferien med stor trafikk, seier Stub, til NRK.

Lokalavisene i Sog og Fjordane melder om sinne og frustrasjon blant dei reisande. Blant anna reagerte folk på at toalettet på Fodnes ikkje var i drift.

Mellom klokka 20.20 og 22.30 var beggje fergjene igjen i drift.

— Alt skal nå være normalt igjen, sier Camilla Einarsen ved Vegtrafikksentralen i Hordaland.

Det var iallfall fin utsikt for dei ventane på ferjekaien.
Bente Øien Hauge