Tre av dagens operasjonar, og fleire titals konsultasjonar måtte leggjast på vent etter at Helse Vest vart råka av Telenor-trøbbel tysdag. Utan tilgang på pasientjournalar og røntgenbilete måtte sjukehuset be pasientane om å vente.

— Det som har skjedd er fortvilande. Me er heilt avhengige av datasystema i kvardagen, fortel sjukehussjef ved Kari Indrekvam.

Kystsjukehuset Hagevik i Os kommune er eit spesialistsjukehus for ortopediske operasjonar, og tek i mot pasientar frå heile Helse Vest-regionen.

Bakgrunn:

Ingen backup

Problemet til sjukehuset er at det ikkje finst backup-løysingar. Ryk nettet, vert det ingen operasjonar.

— Bør det ikkje vere backup-løysingar på eit sjukehus i 2014?

— Eg har etterspurt dette, og Helse Bergen har seinast i dag lova oss at det skal kome på plass. Dette er jo eit godt døme på kor sårbare me blir i ein elektronisk kvardag.

FORTVILA: Sjukehussjef Kari Indrekvam fortel at dei no endeleg skal få på plass backup-løysingar på sjukehuset.
Odd E. Nerbø

Telenor har opplyst sjukehuset om at problema forhåpentligvis vil bli løyst før morgondagen. Men for å vere på den sikre sida hentar sjukehuspersonalet ut journalar og røntgen i fysisk format frå Haukeland Universitetssjukehus.

Tap for pasientane

Ein av operasjonane som skulle vere gjort i dag får dei tid til å ta i morgon. Kva som skjer med dei resterande operasjonane, samt konsultasjonane er uvisst.

— Forhåpentlegvis må dei ikkje vente for lenge. Men me får ikkje booka om grunna dataproblemane. Men me håpar å få dei inn igjen på programmet, og helst før ferien.

No midt på sommaren kan ikkje sjukehuset garantere at problemane ikkje vil skape ringverknader.

- Kva vil dette koste sjukehuset?

— Det blir vanskelig å vurdere det eksakte økonomiske tapet. Det største tapet blir for pasientane som ikkje får behandling og vurdering som planlagt, seier Indrekvam, som vedgår at det vil bli dyrt for helseføretaket.

Framleis store problem

Rundt 4000 breibandskundar i Hordaland har vore råka av problema til Telenor frå tysdag morgon, grunna feil i fiberkabel. Dei kan førebels ikkje seie kva tid problemet vil løyse seg.

— Dei held på å skøyte fibrane no mellom Arna og Bergen. Dei har satt rettetid til klokka 8 i morgon tidleg, men eg håpar dei kan få det opp og gå før det, fortel informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor.

Over 2000 telefonkundar var også råka av problema, men mesteparten av desse problema skal no vere fiksa.