Fire menn på 18, 19, 21 og 24 år vart pågripne i Bergen sentrum like etter, minstenkt for å ha brukt kniv, barberblad eller ein annan skarp gjenstand på 19-åringen.

Politiet fekk meldinga i 02.30-tida.

— Det hadde vore ein del knuffing mellom dei involverte inne på Fotballpuben, og dette utvikla seg vidare ute på gata, seier operasjonsleiar Svein Bruarøy i Hordaland politidistrikt.

19-åringen vart sendt til legevakta.

— Han hadde eit langt kutt nedetter kjaken, og måtte sy 25 sting, seier Bruarøy. Politiet er ennå ikkje sikre på kva slags våpen som vart brukt mot 19-åringen.

Dei fire mistenkte har alle utanlandsk bakgrunn, og vart tatt i bakgarden til eit sentrumshotell kort tid etter.

— Vi håpar å få tak i tolk og kome i gang med avhøyr i dag, seier politiadvokat Einar Råen.

Det var svært mykje folk i byen natt til søndag, og politiet har kontakt med fleire som var vitne til det som skjedde.