EYSTEIN RØSSUM

Politiet fekk melding om at ein mann var rispa med kniv i Vestre Torggate klokka 02.10 natt til i går.

Dei rykte ut med alle tilgjengelege bilar, og fire menn på 18, 19, 21 og 24 år vart pågripne like etter. Dei er mistenkt for å ha brukt kniv, barberblad eller ein annan skarp gjenstand på 19-åringen, og vart sitjande i arresten i Bergen helga igjennom.

Knuffing på Fotballpuben

— Det hadde vore ein del knuffing mellom dei involverte inne på Fotballpuben, og dette utvikla seg vidare ute på gata, seier operasjonsleiar Svein Bruarøy i Hordaland politidistrikt.

19-åringen vart sendt til legevakta, der han fekk ansiktet sydd saman igjen.

— Han hadde eit langt kutt nedetter kjaken, og måtte sy 25 sting, seier Bruarøy. Politiet er ennå ikkje sikre på kva slags våpen som vart brukt mot 19-åringen.

Dei fire mistenkte har alle utanlandsk bakgrunn, og vart tatt i bakgarden til eit sentrumshotell kort tid etter.

Fleire vitne

— Eg såg to politibilar som stod i krysset Vestre Torggate - Håkonsgaten, og fire-fem personar på fortauet. Her hos oss hadde vi ikkje merka noko bråk, eg veit heller ikkje om dei involverte hadde vore gjester her før på kvelden. Vi hadde stengt og puben var tom for gjester då dette skjedde, seier dj Frode Hellebø på Fotballpuben.

Det var svært mykje folk i byen natt til søndag, og politiet har kontakt med fleire som var vitne til det som skjedde.

— Vi håpar å få tak i tolk og kome i gang med avhøyr av dei fire i dag, sa politiadvokat Einar Råen i går ettermiddag. I dag vil det bli tatt stilling til eventuell varetektsfengsling av dei fire mistenkte mennene.