Måndag leverte Ronny Vedvik oppseiinga si til Sogndal kommune.

— Dette er slett ikkje den kjekkaste måten å bli ønskt god tur på, seier Vedvik til Sogn Avis.

Vedvik er med i Sivilforsvarets internasjonale beredskapsgruppe. Denne gruppa blir kalla ut ved store katastrofar. No har Sivilforsvaret oppmoda sogningen om å vere med i gruppa som kommande laurdag set kursen mot dei jordskjelvråka områda i Pakistan. Der skal 38-åringen, som er utdanna snikkar, vere med på å setje opp leirar, slik at FN kan gjere sin jobb i naudområde.

Eit kall

Men då Ronny Vedvik, som er tilsett som vaktmeister ved Kaupanger skule, søkte seks veker permisjon, fekk han avslag frå kommunen. Grunngjevinga er at det vil føre til ulemper for drifta i kommunen, og at arbeidsbyrda vil bli større på andre tilsette.

— Eg har søkt permisjon utan lønn. Kommunen kan leige inn vikar for å avlaste dei andre, meiner 38-åringen.

Også tidlegare har den kommunale vaktmeisteren teke del i slike hjelpeoperasjonar. Sjølv om han også då har hatt vanskar med å få ulønna permisjon, har det aldri tidlegare hatt så dramatiske jobbkonsekvensar.

Vedviks overordna i Sogndal kommune, tenesteleiar Arvid Valland, seier til bt.no at Vedvik har fått løyve til å ta del i dette arbeidet med inntil seks veker kvart år.

— For dette året har han brukt opp dei vekene. Det skjedde då han var på Sumatra i etterkant av tsunamien, seier Valland.

REUTERS